Tatarstan er ein republikk i Russland, og eit av dei russiske føderasjonssubjekta. I 2021 hadde republikken 3 894 120 innbyggjarar. Hovudstaden er Kazan, og sidan 2010 har Rustam Minnikhanov vore president.
Geografi
Tatarstan ligg på den aust-europeiske sletta, om lag 800 kilometer aust for Moskva. Elvene Volga og Kama møtest her. Andre store elver er Belaja og Vjatka, som begge renn ut i Kama. Republikken strekkjer seg 290 kilometer frå nord til sør, og 460 kilometer frå aust til vest. Han er 67 836 km², og er omtrent like stor som Innlandet og Buskerud til saman. Landskapet er hovudsakleg flatt, med nokre låge høgdedrag. 90 % av arealet ligg under 200 meter over havet. Omtrent 16 % er skogkledd.
Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen er –14 grader celsius i januar og 19 grader celsius i juli.
Republikken har store oljeressursar.
Folkesetnad
Dei største byane i Tatarstan er hovudstaden Kazan (1 144 000 ibuarar), Naberezjnyje Tsjelny (513 200), Nizjnekamsk (234 000) og Almetjevsk (146 400).
Majoritetsbefolkninga er tatarar, men russarane utgjer ein stor minoritet. Offisielle språk er russisk og tatarsk. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:
- Tatarar: 53,2 %
- Russarar: 39,7 %
- Tsjuvasjar: 3,1 %
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
