factograf
NN
Sign in

fylke i Noreg

Buskerud fylke

Buskerud fylke

Key facts

folketal272 981
areal15 054km²
førekomst avfylke
landNoreg
hovudstadDrammen
skipingstidspunkt1919
All data from the card 9
Land
Noreg
Adm.senter
Drammen
Areal
14 694 km²
Folketal
272 981 (1. januar 2026)
Folketettleik
20 / km²
Målform
nøytral
Statsforvaltar
Valgerd Svarstad Haugland
Fylkesordførar
Tore Opdal Hansen (H)
Fylkesnummer
33

Buskerud er eit fylke i Noreg og ein valkrins til stortingsval. Det grensar til Vestfold og Telemark i sør, til Vestland i nordvest, til Innlandet i nord, og til Oslo og Akershus i aust. Frå 2020 til 31. desember 2023 var Buskerud ein del av Viken fylke. Fylket blir administrert frå Drammen.

Namn

Namnet «Buskerud» kom frå garden Biskopsrud i Modum, ein statseigedom som lenge husa futane for Buskerud futedømme. Fram til 1919 heitte fylket «Buskeruds amt».

Våpen

Fylkesvåpenet til Buskerud viser ein ståande blå bjørn på ein sølvfarga bakgrunn. Området hadde tidlegare fleire bjørnestammar. Sidan slutten av 70-åra har ingen bjørn budd fast i Buskerud, men det hender ein omstreifar kjem innom. Bjørnen er blå for å minna om Blaafarveværket i Modum, og bakgrunnen sølv kjem frå dei gamle sølvgruvene på Kongsberg. Fylkesblomen til Buskerud er kvit nykkerose og fylkessteinen er drammensgranitt.

Geografi

Fylket strekkjer seg frå Hemsedalsfjella og Hardangervidda i nordvest til Hurumlandet ved Oslofjorden i søraust. Store parallelle dalføre med elver går gjennom fylket, frå sørvest Numedal med Numedalslågen, Sigdal med Simoa, Hallingdal med Hallingdalselve og Snarumselva, og Ådal med Begna og Ådalselva.

Det er svært variert natur i fylket, veldyrka lågland, høgfjell og store skogar. Om lag 7 % av fylket ligg under 150 moh., medan 41 % ligg 900 moh. eller høgare. I søraust ved Drammens- og Oslofjorden er det kyststrøk med skog- og landbruksområde. Landskapet hevar seg så gradvis mot vasskiljet i vest og nordvest. Dei fire markerte dalføra fører nordvestover opp mot høgfjellet. Nokre fjellområde er meir enn 1000 moh.

Delar av Hardangervidda nasjonalpark (oppretta 1981) ligg i Buskerud fylke, i Hol og Nore og Uvdal kommunar.

Klima

Klimaet er for det meste innlandsprega, sidan fylket har kort kystlinje og er godt skjerma frå fjella i sørvest og i nord. Oslofjorden påverkar berre dei lågare strøka frå Lågendalen til Tyrifjorden. Om sommaren bles det typisk frå mellom sør og vest, medan det om vinteren som regel bles frå nordaust, men vindstyrken er generelt låg. På grunn av terrenget bles det som regel opp dalane om sommaren, medan dreneringsvinden strøymer nedover dalane om vinteren.

I januar er middeltemperatur frå -8 °C til -11 °C, lågast i dei øvre dalføra. I juli er middeltemperaturen kring 16 °C i låglandet til kring 10 °C i 1000 moh. Nær Oslofjorden vert det noko mildare både om vinteren og sommaren. Kulderekorden i området er frå -30 °C til -35 °C i indre strøk, lågast på Nesbyen med -38 °C. Varmerekorden for heile landet er òg sett i Nesbyen, den 20. juni 1970 vart det målt 35,6 °C her.

Årsnedbøren varierer frå kring 500 mm i dei skjerma områda som slettene på Ringerike og dei indre dalføra, til over 1000 mm i åsane nær Oslofjorden. Mest nedbør fell det om sommaren, medan det er minst seint på vinteren og på våren. Vinteren er lang med moderate snømengder, som gjer at fjellområda i fylket er godt eigna for vintersport.

Kommunar

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2026.

Nr. Kart Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
3301  Drammen Drammen 106 013 317 nøytral Drammensregionen
3303  Kongsberg Kongsberg 29 169 792 nøytral Kongsberg
3305  Ringerike Hønefoss 31 942 1 555 bokmål Ringeriksregionen
3310  Hole Vik 7 205 195 bokmål Ringeriksregionen
3312  Lier Lierbyen 28 797 301 bokmål Drammensregionen
3314  Øvre Eiker Hokksund 20 965 457 bokmål Drammensregionen
3316  Modum Vikersund 14 776 515 bokmål Midt-Buskerud
3318  Krødsherad Noresund 2 276 375 nøytral Midt-Buskerud
3320  Flå Flå 1 122 704 bokmål Hallingdal
3322 Nesbyen Nesbyen 3 234 810 bokmål Hallingdal
3324  Gol Gol 4 902 533 nynorsk Hallingdal
3326  Hemsedal Trøym 2 707 753 nynorsk Hallingdal
3328 Ål Ål 5 106 1 171 nynorsk Hallingdal
3330  Hol Hol 4 552 1 858 nøytral Hallingdal
3332  Sigdal Prestfoss 3 514 842 bokmål Midt-Buskerud
3334  Flesberg Lampeland 2 790 562 bokmål Numedal
3336  Rollag Rollag 1 452 449 nøytral Numedal
3338  Nore og Uvdal Rødberg 2 459 2 502 nøytral Numedal
Totalt  Buskerud Drammen 272 981 14 694 nøytral Austlandet

Samfunn

Folkesetnad

Det er store regionale ulikskapar i folkesetnaden. Meir enn halvparten av dei som bur i fylket bur i dalføret langs Drammenselva i søraust og utover mot Hurumhalvøya. I den sørlege halvdelen ligg dei tre største byane i fylket, Drammen, Kongsberg og Hønefoss.

Språk

Austlandsdialekt pregar språket i sørlege og austlege delar av fylket, og her vert bokmål brukt som skriftspråk. I nordfylket er det vanleg med fjelldialektar og nynorsk skriftspråk.

Politikk

Dei 47 representantane i fylkestinget vert samla minst fire gonger i året.

Partifordeling etter valet i 2023:

Tore Opdal Hansen (H) er fylkesordførar, medan Lavrans Kierulf (Frp) er fylkesvaraordførar.

Media

Drammens Tidende dekkjer Drammensområdet, Lågendalsposten Kongsberg og Numedal, Ringerikes Blad Ringerike, medan Hallingdølen dekkjer Hallingdal. NRK har ein redaksjon i fylket som lagar radio- og TV-sendingar. Det er òg ei rekkje mindre lokalradiokanalar rundt omkring i fylket.

Samferdsle

Vegar

Europaveg 16 går søraust-nord gjennom Hole via Ringerike og Flå til Nes på ferda si frå Oslo til Londonderry i Nord-Irland, Storbritannia. Europaveg 18 passerer gjennom Lier og Drammen og fortset vidare sørover i Vestfold. E134 startar i Drammen og går vestover i sørfylket til Haugesund via Kongsberg.

Jarnbane

Drammensbanen kjem inn i fylket gjennom Lieråsen tunnel. I Drammen vert banen delt i Vestfoldbanen som går sørover og Bergens- og Sørlandsbanen. Dei to siste har same trasé nord-vestover til Hokksund, der Sørlandsbanen tek av mot sør-vest til Kongsberg medan Bergensbanen dreg nordover gjennom fylket til Hønefoss og Hallingdal.

Næringsliv

Offentleg administrasjon, tenesteyting og varehandel/overnattings- og serveringsverksemd var dei viktigaste næringane i fylket i 2019. Drammen er ei viktig importhamn for bilar, og handel med og reparasjon av motorvogner er dermed eit stort næringsområde for Buskerud. Buskerud er også eit viktig turistfylke, særleg i vinterhalvåret. Mange turistar vitjar midtre og øvre Hallingdal.

Read next

In 79 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article