factograf
NN

Ladakh

Ladakh

Key facts

folketal274 289
areal59 196km²
landIndia
hovudstadLeh
skipingstidspunkt31. oktober 2019
ligg i administrativ einingIndia
All data from the card 3
Land
India
Areal
59 196 km²
Folketal
274 289 (2011)
Kart over Jammu og Kashmir og tilstøytane område i Pakistan og Kina der Ladakh er markert i raudt.
Kart over Jammu og Kashmir og tilstøytane område i Pakistan og Kina der Ladakh er markert i raudt.
Arkade og ung kvinne i eit buddhistisk kloster i Ladakh. Foto: John Hill
Arkade og ung kvinne i eit buddhistisk kloster i Ladakh. Foto: John Hill
2 images

Ladakh er eit unionsterritorium i India, ein del av den større regionen Kashmir og tidlegare ein del av delstaten Jammu og Kashmir. Ladakh har grense til Jammu i vest, Kashmir i nord og Kina i aust. Området ligg mellom fjellkjedane Kunlun og Himalaya, og er gjennomskore av elva Indus frå søraust til nordvest. Ladakh var tidlegare eit sjølvstendig kongedøme med Leh, som i dag er den største byen, som hovudstad.

Ladakh har ein flatevidd på 86 904 km² stort og hadde 270 126 innbyggjarar ved folketeljinga i 2001. Innbyggjarane i Ladakh er hovudsakleg av tibetansk og indoeuropeisk opphav. Det største språket er ladakhi, ein variant av tibetansk, og den største religionen er tibetansk buddhisme. Det finst elles store grupper sjiamuslimar og mindre grupper sunnimuslimar og kristne.

Namnet «Ladakh» (uttalt [lad̪ɑks] på ladakhi, skrive ལ་དྭགས་ med tibetansk skrift og [ləd̪ˈd̪aːx] på hindustani, skrive लद्दाख़ på hindi og لدّاخ på urdu) tyder 'land med høge pass'.

Historisk har Ladakh omfatta dalane i Baltistan, delar av Indusdalen, Zangskar, Lahaul og Spiti i sør, Aksai Chin og Ngari i aust og Nubradalane i nord.

Sidan Ladakh blei opna for utlendingar i 19674 har det blitt eit viktig turistmål. Området er kjent for sitt naturskjøne fjellandskap og den lokale buddhistiske kulturen. Mange kloster og tempel er gode døme på tibetansk arkitektur og inneheld ulike kunstverk.

Kjelder

  • «Ladakh» i Store norske leksikon, snl.no.
  • Denne artikkelen bygger på «Ladakh» frå Wikipedia på bokmål, og «Ladakh» frå Wikipedia på engelsk den 24. april 2012.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Ladakh
  • Offisiell nettstad

Read next

In 91 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article