
Utrera er ein by i Andalucía sørvest i Spania. Han ligg i provinsen Sevilla og har kring 50 000 innbyggjarar.
Byen har stor historisk interesse. Dei skriftlege kjeldene nemner byen tilbake til 1200-talet då Alfonso X erobra Utrera då han erobra Sevilla, som ligg 30 km til nordvest. Arkeologiske funn viser at det har budd folk her sidan førromersk tid. I dag har byen fem kapell frå 1300- til 1700-talet, kyrkjer og ei borg frå 1300-talet.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Utrera» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
Commons har multimedium som gjeld: Utrera
- Offisiell nettstad
