factograf
NN

Trondheim kommune

Trondheim kommune

Key facts

folketal218 460
areal529km²
førekomst avkommune i Noreg
landNoreg
hovudstadTrondheim
styresmaktsleiarKent Ranum
All data from the card 8
Land
Noreg
Fylke
Trøndelag
Adm.senter
Trondheim
Areal
528,60 km²
Folketal
218 460 (1. januar 2026)
Målform
nøytral
Ordførar
Kent Ranum (H)
Kommunenr.
5001

Trondheim kommune (sørsamisk: Tråanten tjïelte) er ein kommune i Trøndelag fylke. Administrasjonssenteret i kommunen er byen Trondheim.

Trondheim kommune omfattar halvøya Byneset i vest, og strekkjer seg ned til osen av elva Gaula i Trondheimsfjorden i sør, og til Jonsvatnet og Ranheim i aust. Kommunen grensar i aust mot Malvik kommune, og i sør mot kommunane Selbu, Klæbu og Melhus. Dei noverande kommunegrensene vart vedtekne i 1. januar 1964, då dei fire nabokommunane Strinda, Tiller, Leinstrand og Byneset vart slegne saman med Trondheim. Ved samanslåinga vart arealet til kommunen utvida frå 41 km2 til 342 km2, og innbyggjartalet vart nesten dobla.

Kommunen er med innbyggjarar den tredje største kommunen i Noreg.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet til Trondheim vart vedteke i 1897 og har utgangspunkt i det gamle byseglet til Trondheim frå 1200-talet. Våpenet har to figurar; den til venstre er ein bispefigur med bispehuve og krumstav, ståande i ei kyrkje, og figuren til høgre er ein konge med krone og skålvekt i handa, som står i ei borg. Vekta figuren held skal symbolisere rettferd. Nedst på våpenet er det plassert tre hovud som skal symbolisere byrådet.

Kjelder

«Trondheim» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

  • Trondheim kommune - Offisielle heimesider

Read next

In 8 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article