factograf
NN
Sign in

Jonsvatnet

Jonsvatnet

Key facts

areal14,26km²
høgd over havet149m
førekomst avinnsjø
landNoreg
ligg i administrativ einingTrondheim kommune
All data from the card 10
Land
Noreg
Fylke
Trøndelag
Kommunar
Trondheim, Malvik
Høgd over havet
148 moh.
Areal
14,31 km²
Middeldjupn
36 m
Største djupn
94 m
Volum
0,515 km³
Kystlengd1
43,64 km
Koordinatar
63°21′54″N 10°35′09″E / 63.36500°N 10.58583°E

Jonsvatnet er ein innsjø som ligg i kommunane Trondheim og Malvik i Trøndelag fylke. Innsjøen er hovuddrikkevasskjelde for Trondheim kommune.

Under den tyske invasjonen i Noreg i 1940 vart Jonsvatnet nytta som framskoten tysk feltflyplass, og opptil 60 tyske fly nytta den improviserte basen. Da våren kom og isen smelta var det minst tre fly igjen, eit Heinkel He 111, eit Junkers Ju 88 bombefly og eit Junkers Ju 52 transportfly. Vraket av sistnemnde fly vart seinare øydelagd av utbygginga av ein drikkevassleidning på 80-talet. Dei andre to flya vart etter fleire års planlegging heva i 2005. Ein av tilskodarane til hevinga var Artur von Casimir som var med som flygar på eit av flya som sokk i 1940. Under leitinga etter flya vart det òg funne eit tysk Arado Ar 196 rekognoseringsfly som styrta seinare under krigen. Dette flyet er freda som krigsgravplass, og vart ikkje undersøkt vidare.

På Jonsvatnet ligg Trondheim sjøflyplass, Jonsvatnet.

Read next

In 8 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article