Sharonsletta (hebraisk שרון) er den nordlege halvdelen av kystsletta i Israel. Den største byen her er Netanya.
Sletta ligg mellom Middelhavet i vest og Samariaåsane, 15 km i aust. Ho strekkjer seg frå Haifa og Karmelberget i nord til Yarkonelva i sør, i utkanten av dagens Tel Aviv, etter kring 90 km. Delar av sletta ligg innafor Haifa, Sentral og Tel Aviv-distrikt i Israel. I 2008 budde det i alt 1 131 600 innbyggjarar på Sharonsletta, 965 300 av dei (85,3%) er jødar og 166 300 (14,6%) arabarar.
Saronsletta er nemnt i Bibelen (1 Krøn. 5:16, 27:29; Jesaja 33:9, 35:2, 65:10), mellom anna den kjende referansen til den gåtefulle «blomen frå Saron» (Høgsongen 2:1). I antikken var sletta særleg grøderik og tett folkesett. Sionistiske emigrantar kom her tidleg på 1900-talet og folkesette regionen med mange busetnader. I 2008 var sletta den tettast folkesette regionen i Israel.
| Cities | regionale kommunes |
|---|---|
|
|
Sjå òg
- Sarona, ein tempelriddarbusetnad på Sharonsletta.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sharon plain» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
