factograf
NN

Planet Caravan

Key facts

utgjevingstidspunkt18. september 1970
førekomst avmusikalsk komposisjon
utøvarBlack Sabbath
sjangerpsykedelisk rock
Planet Caravan
Song av Black Sabbath
frå albumet Paranoid
Utgjeve 18. september 1970
Innspelt 16.–21. juni 1970
Sjanger Psykedelisk rock
Space rock
Lengd 4:29
Selskap Vertigo
Warner Bros.
Komponist Bill Ward, Geezer Butler, Tony Iommi, Ozzy Osbourne
Tekstforfattar Bill Ward, Geezer Butler, Tony Iommi, Ozzy Osbourne
Låtskrivar(ar) Tony Iommi
Bill Ward
Geezer Butler
Ozzy Osbourne
Produsent Rodger Bain

«Planet Caravan» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Black Sabbath. Han kom opphavleg ut på albumet Paranoid i 1970.

Oversyn

Geezer Butler i Black Sabbath, som skreiv songteksten, har sagt at songen handlar om å sveve gjennom universet saman med den ein elskar. Vokalisten Ozzy Osbourne brukar ein Leslie-høgtalar for å skape diskant- og vibrasjonseffektane på vokalen. Pianopartia vart spela av lydteknikaren på albumet, Tom Allom. Iommi la eit ekstra spor med fløyte på det baklengs fleirspors masterbandet. Bandet vart deretter snudd rett veg att og handsama med stereoforseinking.

31. mai 2020 vart «Planet Caravan» brukt som vekkemusikk for mannskapet på ein Crew Dragon frå SpaceX før romfartøyet vart skote opp seinare same dag. Det var fyrste gongen sidan den siste ferda i romferjeprogrammet i juli 2011 at musikk vart brukt til å vekkje astronautar. Romfartøyet skulle til Den internasjonale romstasjonen.

Ettermæle

Nigel Williamson i Uncut meiner songen er ein «uventa vri» på Paranoid, fordi bandet her står fram som «usannsynlege psykedeliske drøymarar med fløyte, bongoar, kosmisk gitar og ein draumande, fjern vokal frå Osbourne medan han syng om å sveve gjennom verdsrommet. Det er om lag så nær Pink Floyd Sabbath nokon gong kom.» David Stubbs, som òg skreiv for Uncut i 2000, skildra «Planet Caravan» som «eit dubprega, pastoralt stykke heimsøkt av den handsama vokalen til Ozzy, som kunne ha stått side om side med kva som helst av dagens Massive Attack-etterfølgjande trip hop-utgjevingar.» Han trekte fram songen som prov på at gruppa hadde evne til subtilitet, og kalla han «eit glimt av noko anna i det svarte støybassenget til Sabbath, noko som diverre vart skylt bort undervegs.»

Grayson Haver Currin i Pitchfork merkte seg den «sirklande bassen og klapringa frå handtrommene». Han nemnde songen saman med den samtidige «elektriske» perioden til Miles Davis som ein «tydeleg føregangar for den utforskande psykedeliske sida ved metal», med Om som døme. Ein biograf hos AllMusic skildra songen som ein «trippa, mjuk doom-hymne» som synte at Black Sabbath «hadde langt meir skaparkraft på lager enn kritikarane deira ville ha vedgått». Morgana Robinson har sagt at dette er songen ho vil ha spela i gravferda si, og rosa han som «så utanomjordisk».

Medverkande

Pantera-versjonen

Planet Caravan
av Pantera
frå albumet Far Beyond Driven
Språk engelsk
Utgjeve 1994
Innspelt 1994
Sjanger psykedelisk rock
Lengd 4:03
Selskap Vertigo Records, Warner Bros. Records
Komponist Bill Ward, Geezer Butler, Tony Iommi, Ozzy Osbourne
Tekstforfattar Bill Ward, Geezer Butler, Tony Iommi, Ozzy Osbourne
Låtskrivar(ar) Tony Iommi
Bill Ward
Geezer Butler
Ozzy Osbourne
Produsent Terry Date, Vinnie Paul
Pantera-kronologi 
«I'm Broken»
(1994)
Planet Caravan «5 Minutes Alone»
(1994)


Det amerikanske heavy metal-bandet Pantera spelte inn «Planet Caravan» til albumet Far Beyond Driven frå 1994.

Utgjeving og mottaking

Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå Far Beyond Driven og som oppfølgjaren til hitsingelen «I'm Broken» i 1994, på East West Records som ein tolvtommarsingel. Han vart den høgast plasserte Pantera-singelen og nådde 26.-plass på UK Singles Chart. Magasinet Metal Hammer plasserte coverversjonen av «Planet Caravan» på 31.-plass på lista si over dei 50 beste Pantera-songane. Med ein 21.-plass på Mainstream Rock Airplay vart han den fyrste hitsingelen deira. Han fekk ein musikkvideo som var mellom dei fyrste til å fortelje ei historie ved hjelp av datagrafikk. Pantera framførte songen på konserten Back to the Beginning i 2025 til støtte for Black Sabbath og Ozzy Osbourne.

Sporliste

Amerikansk singel
Nr.TittelLengd
1.«Planet Caravan» (Albumversjon)4:03
2.«Cowboys from Hell» (Konsertopptak)5:08
3.«Primal Concrete Sledge» (Konsertopptak)3:57
4.«By Demons Be Driven» (Biomechanical Mix)4:16
Europeisk singel 1
Nr.TittelLengd
1.«Planet Caravan» (Black Sabbath-cover)4:03
2.«The Badge» (Poison Idea-cover)3:56
3.«A New Level» (Konsertopptak)5:43
4.«Becoming» (Konsertopptak)4:04
Europeisk singel 2
Nr.TittelLengd
1.«Planet Caravan» (Black Sabbath-cover)4:03
2.«The Badge» (Poison Idea-cover)3:56
3.«Domination» (Konsertopptak)4:55
4.«Hollow» (Konsertopptak)2:27

Listeplasseringar

Liste (1994–1995) Høgaste
plassering
Australia (ARIA) 90
UK Singles (Official Charts Company) 26
UK Rock & Metal (OCC) 2
US Mainstream Rock (Billboard) 21

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Planet Caravan» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2026.

Read next

In 14 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article