factograf
NN
Sign in

Notting Hill

Notting Hill

Key facts

areal1,59km²
førekomst avområde i London
landStorbritannia
ligg i administrativ einingRoyal Borough of Kensington and Chelsea
All data from the card 3
Land
Storbritannia
Region
Stor-London
Distrikt
Kensington and Chelsea
Kart over vestlege London frå 1841.
Kart over vestlege London frå 1841.
Hus i Notting Hill.
Hus i Notting Hill.
2 images

Notting Hill er ein stad i London, nær det nordvestlege hjørnet av Hyde Park i bydelen Kensington and Chelsea. Det er i dag kjend som eit fasjonabelt område, med store hus frå viktoriatida og eksklusive butikkar og restaurantar. Samstundes har området ein levande alternativ kultur, som blant anna er synleg i dei mange bruktbutikkane for musikk rundt Notting Hill Gate.

Området blei bygd ut på 1820-talet, og har frå den tid vore knytt til kunstnarar og «alternative» kulturar. I tida like etter andre verdskrigen var Notting Hill prega av billige og dårlege bustader, der husa var delte opp i små leilegheiter. Særleg blei Peter Rachman kjend som ein bustadhai i området. Mange karibiske innvandrarar slo seg ned i området på denne tida, og blei utsett for raistiske teddy boy-grupper i Notting Hill-opptøyane i 1958.

Kultur

Den kjende bruktmarknaden Portobello Road Market blir halde kvar søndag i Notting Hill. Dette har blitt ein stor turistattraksjon i London.

Kvart år i august blir Notting Hill Carnival halde i bydelen. Dette er ein stor gatefestival og feiring av afro-karibisk kultur i Storbritannia. Karnevalet blei skipa i 1965. Karnevalet er kjend for opptod med fargerike karnevalsvogner og dansarar.

Notting Hill i kulturen

Området er bakgrunn for romanar som The Napoleon of Notting Hill av G.K. Chesterton, The Hopkins Manuscript av R.C. Sherriff og The Line of Beauty av Alan Hollinghurst. Det blei internasjonalt kjend gjennom filmen Notting Hill med Julia Roberts og Hugh Grant i hovudrollene. Filmen viser mellom anna marknaden i Portobello Road og dei typiske felleshagene på plassane i Notting Hill. Butikken rollefiguren til Hugh Grant arbeider i var ein verkeleg bokhandel i Notting Hill. Andre filmar som har blitt laga her er The Knack …and How to Get It (1965), Performance (1970) med Mick Jagger, Lava (2001) og Paddington (2014).

Galleri

Notting Hill Carnival 2014
Notting Hill Carnival 2014
Notting Hill Carnival 2013
Notting Hill Carnival 2013
St Michael's Church i Ladbroke Grove i Notting Hill.
St Michael's Church i Ladbroke Grove i Notting Hill.
Tabernacle, ei tidlegare kyrkje og no eit kulturhus.
Tabernacle, ei tidlegare kyrkje og no eit kulturhus.
Arundel Ladbroke felleshage
Arundel Ladbroke felleshage
Alice's på hjørnet av Portobello Road og Denbigh Close.
Alice's på hjørnet av Portobello Road og Denbigh Close.
6 images

Kjelder


  • Denne artikkelen bygger på «Notting Hill» frå Wikipedia på engelsk, og «Notting Hill» frå Wikipedia på bokmål den 23. juli 2015.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Notting Hill

Read next

In 45 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article