factograf
NN
Sign in

Krefeld

Krefeld

Key facts

folketal230 738
areal138km²
førekomst avstorby, ardal drefol Gogledd Rhine-Westphalia
landTyskland
høgd over havet38m
All data from the card 11
Land
Tyskland
Stat
Nordrhein-Westfalen
Region
Düsseldorf
Landkreis
Kreisfri by
Høgd
39 m
Areal
137,77 km²
Folketal
230 738 (31. desember 2025)
Først nemnd i
1105
Postnummer
47701–47839
Retningsnummer
02151
Bilnummer
KR

Krefeld er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 230 000 innbyggjarar. Sentrum av byen ligg eit par kilometer vest for Rhinen, men ho renn gjennom bydelen Uerdingen. Fram til 1929 var byen kalla «Crefeld».

Innbyggjarane i Krefeld snakkar høgtysk, den tyske dialekten som alle tyskarar lærer. Ein lokal dialekt er derimot ein variant av plattysk.

Historie

Rhinhamna i Krefeld.
Rhinhamna i Krefeld.

Byen har opphav tilbake i romartida då legionar grunnla ein militærleir kalla Gelduba her (i dag bydelen Gellep). Krefeld sjølv vart først nemnd i 1105 med namnet Krinvelde. Uerdingen var opphavleg ein sjølvstendig by aust for Krefeld, og vart grunnlagd i 1255. I mellomalderen var han ein større og viktigare by enn Krefeld.

Byen byrja å vekse på 1600-talet då Krefeld var ein av få byar som ikkje vart hardt råka av trettiårskrigen. Byen vart raskt overbusett, og i 1683 flytta tretten familiar (mennonittar) frå Krefeld, reiste over Atlanteren og grunnla busetnaden Germantown i USA, som i dag er ein del av Philadelphia.

Byen Uerdingen var mindre heldig og vart nesten heilt jamna med jorda i trettiårskrigen av troppar frå Hessen. Krefeld voks seg større enn Uerdingen, og i 1928 vart dei to slått saman.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Krefeld» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juni 2007.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Krefeld
  • Offisiell nettstad

Read next

In 95 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article