factograf
NN
Sign in

Aschaffenburg

Aschaffenburg

Key facts

folketal73 326
areal62,45km²
landTyskland
høgd over havet138m
styresmaktsleiarKlaus Herzog
skildra iPauly–Wissowa
All data from the card 10
Land
Tyskland
Stat
Bayern
Region
Unterfranken
Landkreis
Kreisfri by
Høgd
138 m
Areal
62,45 km²
Folketal
73 326 (31. desember 2025)
Postnummer
63701–63743
Retningsnummer
06021,06028
Bilnummer
AB

Aschaffenburg er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg ved den høgre breidda til Main og ved foten av Spessart. Byen Aschaffenburg er ikkje ein del av landkreisen Aschaffenburg, men er det administrative setet. Han vert òg kalla Tor zum Spessart eller «døra til Spessart». Sjølv om byen i dag ligg i Bayern, reknar dei seg sjølv som ein by av Franken, trass i at byen aldri var ein del av det historiske Franken, men høyrte til erkebispedømet Mainz.

Historie

Dei tidlegaste spora etter menneske i området rundt Aschaffenburg går tilbake til steinalderen. Aschaffenburg, som i mellomalderen vart kalla Ascapha eller Ascaphaburg, var opphavleg ein busetnad for alemannarar. Romerske legionar hadde òg ein leir her, og på ruinane av deira castra bygde den frankiske Major Domus ei borg. St. Boniface reiste eit kapell for St. Martin og grunnla eit benediktinar kloster. Ei steinbru over Main vart bygd av erkebiskop Willigis i 989. Adalbert gav byen fleire privilegium rundt 1122. I 1292 vart det halde eit kyrkjemøte her, og i 1474, før den som vart halde i Wien, ein Reichstag der konkordatet vart avgjort, stundom kalla Aschaffenburgkonkordatet.

Byen vart hardt råka av trettiårskrigen og vart halde av fleire krigførande makter. I 1842–1849 bygde kong Ludvig I av Bayern ein landstad vest for byen kalla Pompejanum, sidan det var ei etterlikning av huset til Castor og Pollux i Pompeii. I 1866 vann Preussen eit stor siger mot Austerrike i nærleiken av byen under den austerriksk-prøyssiske krigen.

Under den andre verdskrigen vart Aschaffenburg kraftig bombardert av allierte bombefly, inkludert Schloss Johannisburg.

Landkreisein Aschaffenburg hadde eit areal på 1 694 km². Han var ein del av kurfyrstedømet til erkebiskopen Mainz, og i 1803 vart han gjeve over til kanslaren, erkebiskopen Karl von Dalberg. I 1806 vart han annektert av storhertugdømet Frankfurt og i 1814 overført til Bayern.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Aschaffenburg» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2007.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Aschaffenburg
  • Offisiell nettstad

Read next

In 77 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article