factograf
NN
Sign in

Kertsj

Kertsj

Key facts

folketal151 103
areal108km²
førekomst avby eller småby, storby
landUkraina
skipingstidspunkt610 BC
høgd over havet10m
All data from the card 10
Land
Ukraina
Region
Krimhalvøya
Høgd
10 moh.
Koordinatar
45°20′19″N 36°28′5″E / 45.33861°N 36.46806°E
Areal
108 km²
Folketal
151 300 (2006)
Folketettleik
1 401 / km²
Tidssone
EET (UTC+2)
Postnummer
98300 — 98399
Retningsnummer
+380 6561
Kertsj
Kertsj

Kertsj (ukrainsk Керч, russisk Керчь, krimtatarisk Keriç, gammalaustslavisk: Кърчевъ, gammalgresk: Παντικάπαιον, Pantikapaion, tyrkisk Kerç) er ein by på Kertsjhalvøya aust på Krimhalvøya, og er eit viktig senter for industri, transport og turisme i Ukraina. Kertsj vart grunnlagd for 2600 år sidan og vert rekna som ein av dei eldste byane i Ukraina.

Byen er òg ein viktig industriby, i området er det store jernforekomster. Andre viktige næringsvegar er skipsfart, fiskeri, skipsbygging og turisme. Frå byen går det jarnbane over sundet til han russiske sidan. Byen har 28 skular, 9 institutt knytte til russiske og ukrainske universitet, polyteknisk høgskule, medisink utdanning og seks tekniske skular. Byen er administrasjonssenter for Kertsj kommune.

Historie

Utgravingar ved byen Majak ved Kertsj har vist busetjingar som stammar frå tida mellom 1600- og 1400-talet f.Kr. På 700-talet vart den greske byen Pantikapaion (Panticapaeum) grunnlagt ved Kertsj av jonarar frå Milet. Pantikapaion gav namn til den siste attiske kunststilen (370–320 f.Kr.). Pantikapaion vart seinare den viktigaste byen i Det bosporanske riket (som fått namnet sitt av Kertjsundet, som den gongen vart kalla Kimmeriska bosporen) og hadde stor tyding som hamneby og handelsby.

Kertj kom seinare under Romarriket, Austromarriket, Genova og Krim-khanatet. Krimkhanarane bygde fortet Jenikale ved byen. Ved freden i Kutsjuk-Kainardji i 1774 vart Kertsj overført til Tsar-Russland. På 1830-talet starta ein omfattande utgravingar av dei antikke kulturminna i Kertsj.

Byen vart svært øydelagt i 1855 under Krimkrigen, og igjen under andre verdskrigen.

I 1900 vart den store metallurgiske fabrikken grunnlagt og denne er enno i verksemd.

Under andre verdskrigen vart byen først erobra av tyskarane i november 1941. 30. desember sette den raude armeen i gang ein motoffensiv i eit amfibieåtak over Kertsjsundet, og gjenerobra byen, men 17. mai 1942 var Kertsj igjen på tyske hender. Under offensiven i Ukraina vinteren og våren 1944 tok sovjetarane òg Krim tilbake, denne gongen for godt. Kertsj vart gjenerobra 11. april.

Klima

Kertsj har eit fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering Cfa) med kjølige til kalde vintrar og varme til heite somrar.

Vêrdata for Kertsj
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 15,6 17,5 23,4 26,8 30,6 34,9 37,4 37,2 33,2 30,9 22,7 19,4 37,4
Gjennomsnittleg maks °C 3,5 3,8 7,8 14,3 20,2 25 28,1 27,8 22,6 16,3 9,8 4,3 15,4
Døgnmiddeltemperatur °C 0,6 0,4 3,8 9,8 15,4 20,3 23,4 23,1 17,9 12,2 6,2 2,4 11,3
Gjennomsnittleg min °C −2,1 −2,6 0,5 5,8 10,8 15,5 18,6 18,4 13,3 8,3 3,2 −0,3 7,5
Lågast målte °C −23,7 −23,1 −15,6 −6,5 −0,6 3,4 9,9 7,5 1 −5,4 −11,8 −17,6 −23,7
Gjennomsnittleg nedbør mm 33 32 33 31 30 55 35 50 37 29 44 43 452
Gns. dagar med regn 10 9 10 11 9 10 6 6 8 9 11 11 110
Gns. solskinstimar i månaden 71,3 87,6 145,7 189 272,8 306 334,8 306,9 252 182,9 90 55,8 2 294,8
Kjelde: Pogoda.ru.netHKO (sun only 1961-1990).

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Kertch» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

  • Webkamera Arkivert 2008-07-23 ved Wayback Machine.

Read next

In 81 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article