factograf
NN

Fredlaus

Fredlaus

Key facts

førekomst avtakson
vitskapleg namnLysimachia vulgaris
taksonomisk nivåart
Fredlausfrø
Fredlausfrø
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fredlaus (fleirtyding).

Fredlaus (Lysimachia vulgaris) er ei fleirårig plante i fredlausslekta i nøkleblomfamilien, som kan bli frå 50 cm opp til 1,5 meter høg. Planta har gule blomstrar med fem halvvegs klokkedannande kronblad, som inst i blomsterbotnen er oransje-raude. Blomstrane sit i dei øvste bladhjørna og oppover heile toppen av stilken. Fredlaus er utbreidd i Sentral-Asia, Kaukasus og Europa.

Blada er mørkt grøne, spisse og avlange, og står ofte tre og tre i ein krans rundt stengelen. Blada kan òg stå i grupper på to eller fire. Fredlaus trivst opp til 400 moh. på Austlandet og langs kysten der den meir spreidd opp til Møre. Fredlaus liker fuktig mark, enger, myr og sumpområde og fuktig skogsterreng.

Fredlaus liknar mykje på fagerfredlaus (Lysimachia punctata), som har meir bladfylte blomsterkransar, og svartprikka undersider av blada. Blada er òg meir slankt lansettforma. Fagerfredlaus trivst som hageplante og i fuktig mark i skogbryn og på myr og enger.

Planta er nytta som hageplante og det finst ulike kultivarar. I somme land blir ho sett på som ein invasiv art.

Bakgrunnsstoff

  • Lysimachia vulgaris i Flora of China
  • USDA PLANTS Profile
  • Lysimachia vulgaris at National Center for Biotechnology Information (NCBI)
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Lysimachia vulgaris

Read next

In 36 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article