Ford Motor Company er ein bilprodusent som vart grunnlagt av Henry Ford i Highland Park i Michigan i 1903. Den første fabrikken låg i Detroit i USA, men Ford har no fabrikkar og samarbeidspartnarar i alle verdensdelar. Ford produserer personbilar, varebilar og lastebilar.
Bilmerke delvis eigd av Ford
- Aston Martin Lagonda (15% frå Februar 2007)
- Mazda (13% frå nov. 2008)
- Mercury («Sovande» merke)
Tidlegare bilmerke eigd av Ford
- Land Rover (selt til det indiske føretaket Tata Motors i desember 2007)
- Volvo (personbilar) (seld til det kinesiske føretaket Geely)
Traktorproduksjon
I perioden 1917-1986 produserte Ford traktorar. I Europa vart merkenamnet Fordson nytta fram til 1964 og deretter Ford. I Nord-Amerika vart merkenamnet Fordson nytta frå 1917 til 1928 og frå 1939 vart Ford nytta. I 1986 vart traktoravdelinga skild ut frå moderføretaket og lagt saman med FiatAgri, som i 1999 vart til New Holland.
