factograf
NN
Sign in

Fondy

Fondy

Fondy (fransk fondue, som betyr «smelta») er ein sveitsisk middagsrett der hovudingrediensen er smelta ost.

Det finst fleire variantar av kva ost som blir bruka, men i Sveits er det vanlegaste truleg å bruke ei blanding av ostane gruyère og emmentaler («sveitsarost»). Desse blir smelta i kvitvin i ei emaljert gryte. Mot slutten er det ikkje uvanleg å tilsetje eit lite glas av kirsebærbrennevinet kirsch. Deretter dyppar kvar enkelt brødterningar i den smelta osten ved hjelp av lange gaflar, mens gryta putrar på ein slags primus. Det er viktig å røre med brødet i botnen av gryta for at ikkje osten skal brenne seg fast. Ofte er det knytt ei form for straff til det å miste brødbiten sin i gryta.

Sveitsarar flest insisterer på at ein må drikke kvitvin til fondy og hevdar at til dømes vatn vil gi problem med fordøyinga.

I staden for brød kan det av og til bli bruka potetar eller frukt. Mange gnir inn gryta med kvitlauk før dei smeltar osten. Meir avvikande fondyvariantar er sjokoladefondy (dyppe frukt i smelta sjokolade) og kinesisk fondy (koke kjøt i buljong).

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Fondy

Read next

In 54 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article