factograf
NN

Flysch

Flysch

Flysch (sveitsisk-tysk for ‘smuldrande’) er leir- og sandsediment som er dårleg sorterte og meir eller mindre kalkhaldige, avsett av slamstraumar (turbidittar) eller ved utrasingar under havet. Flyschsediment karakteriserer område med geologisk ustabile tilhøve eller store høgdeskilnader, og finst ofte i samband med fjellkjeder. Kan dannast på grunt vatn, men er meir alminneleg på store havdjup (2000–4000 m). Flysch vart først skildra i Alpane.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Flysch

Read next

In 35 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article