Cardinalis er ei lita biologisk slekt av tre fargerike fugleartar som er medlemmer av kardinalfamilien, Cardinalidae. To artar, raudkardinal og ørkenkardinal, lever i sørlege Nord-Amerika, sinoberkardinal lever i nordlegaste Venezuela inkludert øya Margarita, og litt inn i Colombia.
Det karakteristiske for Cardinalis-artane er svært oppreiste fjørtoppar, kraftige, koniske nebb og lange halar. Dei syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakt og storleik, ved at hannar har friske, raudlege farger, hoer er noko meir avdempa i brunleg, gråleg og bleik gulbrunt. Storleiken er frå 19 til 23,5 centimeter i kroppslengd, hoer er litt mindre enn hannar.
Tørre og opne til halvopne habitat er føretrekte. Dei to nordlegaste artane kan leve i opptil 2000 moh. og har hovudsakleg vegetabilsk føde på menyen, medan sinoberkardinal kan ete virvellause dyr i tillegg til frukt og frø.
Dette er standfuglar. Dei er klassifiserte som livskraftige artar av IUCN.
Artslista
Cardinalis i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
- Sinoberkardinal, Cardinalis phoeniceus, Vermilion Cardinal, Bonaparte, 1838, (LC)
- Raudkardinal, Cardinalis cardinalis, Northern Cardinal, Linné, 1758, (LC)
- Ørkenkardinal, Cardinalis sinuatus, Pyrrhuloxia, Bonaparte, 1838, (LC)
Kjelder
- BirdLife International (2017) IUCN Red List for birds Henta frå http://www.birdlife.org 19. november 2017
- (2017). Søk på artar i slekta Cardinalis i: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Hypertekst 'Species table', henta 19. november 2017
- Referansar
