factograf
NN

slekt av strutsefuglar i strutsefamilien

Strutsar

Strutsar

Key facts

førekomst avtakson
vitskapleg namnStruthio
taksonomisk nivåslekt
Slettestruts, hann
Slettestruts, hann
Somalistruts, hann
Somalistruts, hann
Egg av slettestruts
Egg av slettestruts
3 images

Strutsar (Struthio) er ei biologisk slekt med verdas største nolevande fuglar. Ho er einaste slekta i strutsefamilien, Struthionidae, som igjen er einaste familien i den biologiske ordenen Struthioniformes.

Ein har funne 10 artar av slekta Struthio, 8 av desse er utdøydde. Dei tidlegaste fossila frå denne slekta er frå tidleg miocen, for 20-25 millionar år sidan, og kjem frå Afrika, så det er foreslått at dei oppstod der. Deretter hadde dei spreidd seg til Eurasia i midten til sein miocen, 5-13 millionar år. Ved ca. 12 millionar år hadde dei utvikla seg til storleiken som vi er kjent med i dag. På denne tida hadde dei spreidd seg til Mongolia og seinare til Sør-Afrika.

Artslista

Struthio i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

  • Slettestruts, Struthio camelus, Common Ostrich, Linné, 1758, (LC)
  • Somalistruts, Struthio molybdophanes, Somali Ostrich, Reichenow, 1883, (VU)

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Struthio» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2017.
Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Strutsar

Read next

In 61 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article