factograf
NN

Bursa

Bursa
All data from the card 13
Land
Tyrkia
Region
Marmararegionen
Provins
Bursa
Høgd
100 moh.
Koordinatar
40°11′N 29°04′E / 40.183°N 29.067°E
Areal
1 036 km²
Folketal
1 704 441
Folketettleik
1 645 / km²
Grunnlagd
202 fvt.
Borgarmeister
Recep Altepe
Tidssone
EET (UTC+2)
Postnummer
1600
Retningsnummer
(+90) 224

Bursa er ein by nordvest i Tyrkia. Han er den fjerde største byen og eit av dei mest industrialiserte byområda i landet. Byen har 1 704 441 innbyggjarar (2011), medan storbyområde har opp under to millionar innbyggjarar. Han ligg 100 km sør for Istanbul og 20 km frå Marmarasjøen.

Bursa var hovudstad i Det osmanske riket mellom 1326 og 1365. Byen vart omtalt som «Hüdavendigar» (tyder «Guds gåve») i den osmanske perioden, medan Yeşil Bursa (som tyder Grøne Bursa) er eit nyare kallenamn som syner til alle parkane og hagane som ligg i byen, samt dei store skogane i området kring. Bursa vart kalla Prusa i antikken og var hovudstaden i Bithynia (300-talet fvt.).

Byen er synonym med fjellet Uludağ som ligg nær byen og som har eit kjent skisenter. Mausoleuma til tidlege osmanske sultanar ligg i Bursa og dei mange byggverka bygd gjennom den osmanske perioden er av dei største landemerka i byen. Den frodige sletta kring byen, varmekjeldene, fleire museum, mellom anna eit rikt arkeologimuseum, og ein velordna urban vekst dannar resten av biletet av Bursa.

Figurane Karagöz og Hacivat frå eit skuggespel var historiske personar som levde og er gravlagde i Bursa. Bursa er òg opphavsstaden til kjende tyrkiske matrettar som İskenderkebab, særleg kandiserte kastanjar, ferskenar og lokum.

Uludağ universitet ligg i Bursa. Innanfor provinsen Bursa ligg byane İznik (Nikea), Mudanya og Zeytinbağı som er kjende for den lange historia si og viktige monument.

Klima

Bursa ligg i grenseområde mellom middelhavsklima og fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering: Csa/Cfa). Bursa har varme, fuktige somrar, som varer frå juni til september. Vintrane er kalde og fuktige og den mest regnfulle tida av året. Det kjem stundom snø som ligg på bakken i ei veke eller to. I fjellområda, særleg Uludağ, er det frost og snø kvar vinter, men om sommaren er det behageleg temperatur i fjella.

Vêrdata for Bursa
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 25,2 26,9 30,6 34,6 35,9 41,3 43,8 41,2 38,9 37,3 28,5 27,3 43,8
Gjennomsnittleg maks °C 9,6 10,7 13,8 18,9 23,8 28,5 30,8 30,7 27 21,6 15,9 11,2 20,2
Gjennomsnittleg min °C 1,6 2,1 3,7 7,3 11,2 15,1 17,4 17,3 13,6 10,1 5,7 3,3 9
Lågast målte °C −11,8 −16,4 −8 −3,1 1,6 5,2 9,6 10,1 5 0,2 −4,4 −8,4 −16,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 79,5 72,2 66,8 65,6 44,6 34,6 17,7 18,9 43,2 75,3 83,2 100,9 702,5
Gns. luftfukt (%) 75 75 75 72 72 67 65 65 67 73 75 76 71
Gns. solskinstimar i månaden 96,1 89,6 130,2 168 251,1 303 334,8 306,9 234 167,4 120 89,9 2 291
Kjelde: Den tyrkiske statlege meteorologitenesta

Bilete frå Bursa

Bursa klokketårn i bydelen Tophane
Bursa klokketårn i bydelen Tophane
Bursa borg
Bursa borg
Minareten i Bursa stormoské
Minareten i Bursa stormoské
Guvernatet Bursa
Guvernatet Bursa
Bursaray
Bursaray
Glaspyramiden ved kjøpesenteret Zafer Plaza AVM
Glaspyramiden ved kjøpesenteret Zafer Plaza AVM
Kjøpesenteret Kent Meydanı AVM
Kjøpesenteret Kent Meydanı AVM
Mudanya i provinsen Bursa
Mudanya i provinsen Bursa
Mudanya
Mudanya
Uludağ er ein populær stad for vintersport.
Uludağ er ein populær stad for vintersport.
Uludağ om sommaren
Uludağ om sommaren
Irgandıbrua (1442)
Irgandıbrua (1442)
12 images

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Bursa» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

In 124 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article