factograf
NN

Nikea

Nikea

Key facts

førekomst avoldtidsby
landTyrkia
ligg i administrativ einingİznik

Nikea (gresk Νίκαια) var ein hellenistisk by nordvest i Anatolia, og er mest kjend for det første og andre kyrkjemøtet i Nikea (det første og sjuande kyrkjemøtet i den tidleg historia til kristendomen), den nikenske truvedkjenninga (som kjem frå det første møtet) og som hovudstad i keisardømet Nikea.

Nikea var ei kort stund hovudstad i Austromarriket mellom 1204 og 1261 etter det fjerde krosstoget i 1204 og fram til Konstantinopel vart erobra attende av austromarane i 1261.

Nikea låg der som dagens Iznik i Tyrkia ligg. Den gamle byen hadde 5 km lange bymurar kring seg med ovr 100 vakttårn. Tre store portar i muren var inngangen til byen. Store delar av muren finst framleis og er i dag ein stor turistattraksjon.

Kjende folk

  • Hipparkhos (100-talet fvt.) gresk astronom, geograf og matematikar
  • Sporos av Nikea (f. ca. 240; d. ca. 300) gresk matematikar og astronom
  • Cassius Dio (ca. 165–ca. 229), romersk historikar
  • Georgius Pachymeres (1242 – c. 1310), austromersk historikar

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Nicea» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2012.

Read next

In 50 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article