factograf
NN
Sign in

Adolphe Sax

Adolphe Sax

Key facts

fødselsdato6. november 1814
dødsdato7. februar 1894
yrkeoppfinnar, musikar
fødestadDinant
arbeidsgjevarConservatoire de Paris
All data from the card 9
Fødd
6. november 1814
Fødestad
Dinant
Død
7. februar 1894 (79 år)
Dødsstad
Paris, 9. arrondissement i Paris
Opphav
Det forente kongeriket Nederlandene, Belgia, Frankrike
Instrument
saksofon
Verka som
musikkinstrumentmaker, oppfinnar, musikar, musikkpedagog, universitetslærar
Far
Charles-Joseph Sax
Prisar
ridder av Eikekroneordenen, Ridder av Æreslegionen

Antoine Joseph Adolphe Sax (6. november 1814–4. februar 1894) var ein belgisk instrumentmakar, mest kjend for oppfinninga av saksofonen.

Sax vart fødd i Dinant i Belgia. Far hans, Charles Joseph Sax, var òg instrumentmakar. Adolphe byrja å lage sine eigne instrument i veldig ung alder.

Etter at han vart ferdig på skulen byrja Sax å eksperimentere med nye instrument. Den første oppfinninga var ei forbetring av bassklarinetten.

I 1841 flytta Sax til Paris og byrja å jobbe på nye instrument. Desse instrumenta var klare for visning i 1844. Sjølv om han ikkje stod som oppfinnar av instrumenta var dei så gode at dei gjekk under namnet saxhorn.

På denne tida jobba han med det instrumentet som han er best kjend for, saksofonen. Komponisten Hector Berlioz gav positiv omtale om det nye instrumentet i 1842, men det vart ikkje patentert før i 1846. Det var desse instrumenta som gjorde Sax kjend og sikra han ein lærarjobb ved Paris Conservatoire.

Adolphe Sax døydde i 1894 i Paris og vart gravlagd på Cimetière de Montmartre.

Read next

In 66 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article