factograf
NN

Yangjiang

Yangjiang

Key facts

folketal2 602 959
areal7 956km²
førekomst avByprefektur, storby
landFolkerepublikken Kina
høgd over havet4m
ligg i administrativ einingGuangdong

Yangjiang (kinesisk: 阳江; pinyin: Yángjiāng) er eit byprefektur sørvest i provinsen Guangdong ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal 7 813 km² og eit folketal på ca 2,63 millionar (2004). Byprefekturet Yangjiang består av eitt distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).

Næring

Yangjiang er særleg kjent for sin knivproduksjon, seksti prosent av alle knivar vert laga i Yangjiang og åtti prosent av eksporten. Økonomien elles er basert på produksjon av lakk, dyrking av soyabønner og av fiskeri. Produksjonen av drakar er ein tradisjon i prefekturet som går tilbake til 600-talet.

Yangjiang kjernekraftverk har sidan desember 2008 vore under byggjing i Dongping i Yangdong fylke i byprefekturet. Kjernekraftverkprosjektet, det største i Kina med ein planlagd effekt på 2000 MW, skal etter planen stå ferdig i august 2013.

Samferdsle

Kinas riksveg 325 går gjennom området. Han fører vestover frå Guangzhou i Guangdong til Nanning i den autonome regionen Guangxi.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Yangjiang» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2012.
  • Denne artikkelen bygger på «Yangjiang» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2012.

Read next

In 47 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article