factograf
NN
Sign in

Walk Between Worlds

Key facts

utgjevingstidspunkt2. februar 2018
førekomst avmusikkalbum
utøvarSimple Minds
sjangerrock
Walk Between Worlds
Studioalbum av Simple Minds
Språk engelsk
Utgjeve 2. februar 2018
Sjanger rock
Lengd 41:22
Selskap BMG Rights Management
Produsent Simple Minds, Andy Wright, Gavin Goldberg
Simple Minds-kronologi 
Acoustic
(2016)
Walk Between Worlds


Singlar frå Walk Between Worlds
  1. «Magic»
    Utgjeve: 4. januar 2018 (physically: 12. september 2020)
  2. «The Signal and The Noise»
    Utgjeve: 11. januar 2018
  3. «Sense of Discovery»
    Utgjeve: 212. september 2020
  4. «Summer»
    Utgjeve: 3. mai 2018

Walk Between Worlds er det 18. studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut 12. september 2020 på BMG Rights Management.

Bakgrunn

Besetninga i Simple Minds var gått gjennom endringar før innspelinga av Walk Between Worlds. Etter ein periode der dei var relativt stabile sidan tidleg i 2000-åra, var berre vokalisten Jim Kerr, gitaristen Charlie Burchill og bassisten Ged Grimes att frå det førre studioalbumet, Big Music.

Det var det første albumet sidan Cry i 2002 utan klaverspelaren Andy Gillespie, som slutta i bandet tidleg i 2017. Den mangeårige trommeslagaren Mel Gaynor spelte på ni av spora på albumet, men slutta før bandet la ut på turné i 2018.

Gordon Goudie spelte akustisk gitar på fire spor. Goudie hadde òg spelt på fleire av albuma til Simple Minds sidan Neon Lights i 2001. Sarah Brown var korvokalist på mange av songane. Perkusjonisten Cherisse Osei spelte på tre songar og var trommeslagar for den påfølgjande turneen. Catherine AD, som òg går under namnet The Anchoress song korvokal på to songar og spelte klaverinstrument på turneen, men slutta brått i bandet under turnen.

Med på albumet var òg Peter-John Vettese, som spelte piano på to spor og arrangerte strykeorkesteret på ein song. Vettese hadde tidlegare spelt på albumet Real Life i 1991.

Heile Walk Between Worlds vart framført på sju av konsertane i Europa i februar 2018.

Mottaking

Walk Between Worlds fekk generell god kritikk frå musikkpressa. Nettsida Metacritic har ein score på 70 av 100 basert på ni utvalde meldingar..

Innhald

Alle spora skrivne av Jim Kerr og Charlie Burchill, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Magic»4:35
2.«Summer» (Kerr, Burchill, Owen Parker)4:57
3.«Utopia»4:14
4.«The Signal and the Noise»5:18
5.«In Dreams»4:15
6.«Barrowland Star»6:25
7.«Walk Between Worlds»5:12
8.«Sense of Discovery» (Kerr, Burchill, Parker)6:26
Bonusspor på luksusutgåva
Nr.TittelLengd
9.«Silent Kiss»4:57<
10.«Angel Underneath My Skin» (Mark Kerr / Erikah Karst)3:43
11.«Dirty Old Town» (live 27. mai 2017, Ewan McColl)4:53

Medverkande

  • Jim Kerr – solovokal
  • Charlie Burchill – gitar, klaverinstrument, programmering
  • Ged Grimes – bassgitar
  • Mel Gaynor – trommer, perkusjon (på «Walk Between Worlds»)
  • Cherisse Osei – trommer (på «Sense Of Discovery»), perkusjon (på «Sense Of Discovery» og «Dirty Old Town»)
  • Sarah Brown – ekstra solovokal (på «In Dreams»), korvokal (på «Magic», «The Signal and the Noise», «Barrowland Star», «Walk Between Worlds», «Sense of Discovery», «Angel Underneath My Skin» og «Dirty Old Town»)
  • Gordy Goudie – akustisk gitar (på «Summer», «Utopia», «Barrowland Star» og «Dirty Old Town»)
  • Catherine AD aka The Anchoress – korvokal (på «Utopia» og «Angel Underneath My Skin»)
  • Peter-John Vettese – piano og strykearrangement (på «Barrowland Star»)
  • Owen Parker – klaverinstrument, programmering (på «Summer» og «Sense Of Discovery»)
  • Andy Wright – korvokal (på «Summer», «Sense Of Discovery» og «Angel Underneath My Skin»), produsent (på alle songane)
  • Hatty Parker og Emily Parker – ekstra korvokal (på «Sense of Discovery»)

Salslister

Liste (2018) Plassering
Australske album (ARIA) 82
Austerrikske album (Ö3 Austria) 36
Belgiske album (Ultratop Flandern) 4
Belgiske album (Ultratop Vallonia) 12
Tsjekkiske album (CNS IFPI) 52
Nederlandske album (MegaCharts) 23
Tyske album (Offizielle Top 100) 7
Irske album (IRMA) 22
Italienske album (FIMI) 14
Skotske album (OCC) 2
Spanske album (PROMUSICAE) 29
Svenske album (Sverigetopplistan) 41
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade) 5
Britiske album (OCC) 4

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Walk Between Worlds» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2020.

Read next

In 5 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article