

2 images
Vodka (av russisk for ‘lite vatn’) er eit ukrydra brennevin som er framstilt av korn eller potet og filtrert over trekol. Alkoholstyrken er vanlegvis 37,5–50 volumprosent. Fargen er vassklår eller gulaktig, og smaken er mild og nøytral.
Vodka er opphavleg ein austeuropeisk drikk, men blir no framstilt i dei fleste europeiske land og i USA. I Aust-Europa er det ikkje uvanleg at ein serverer vodka til maten. Brennevinet blir også brukt i mange cocktailar. Aromatiserte vodkatypar, som er smaksette med ulike typar krydder eller frukt, er også blitt vanlege.
Kjende vodkamerke
- Rachmaninoff
- Chopin
- Smirnoff
- Absolut
- Danzka Vodka
- Finlandia
- Kirow
- Koskenkorva
- Kalinka
- Nemiroff
- Skyvodka
- Stolichnaya
- Boris Jelzin
- Vikingfjord
- Russian Standard
- Time Bandit vodka
- Chinggis
