factograf
NN
Sign in

Vevnad

Vevnad
Skjematisk framstilling av korleis dei vinkelrette trådsystema kan kryssa kvarandre i ulike typar vevnad, til dømes lerretsbinding (a), panamabinding (b) og kyperbinding (e).
Skjematisk framstilling av korleis dei vinkelrette trådsystema kan kryssa kvarandre i ulike typar vevnad, til dømes lerretsbinding (a), panamabinding (b) og kyperbinding (e).
Vevnad på ein rekonstruert vevstol frå Urnemarkskulturen som fanst i Europa i bronsealderen. den tjukke tråden gjer at ein lett ser den loddrette renninga eller varpet og det vassrette islettet eller veften.

2 images

Vevnad er eit vove tøystykke. Ulike typar vevnad kan mellom anna brukast til klede, innreiing og større innretningar, som seglduk og telt.

Ulike typar vevnad skil seg gjennom materialet ein bruker, til dømes ull, lin eller kunststoff, tjukkleik og farge på tråden, og vevemåten. Mønsteret for kryssingspunkta mellom varp og veft blir kalla bindinga til vevnaden. Den bindingstekniske eller mønstertekniske eininga i vevnaden som blir gjenteken under veving, blir kalla ein rapport. Ein skil mellom tre grunnbindingar:

  • Toskaftbinding, òg kalla lerretsbinding, som er den enklaste og kor vefttråden går regelmessig over og under annankvar varptråd, medan neste vefttråd går omvendt.
  • Kyperbinding (twill, diagonal), der bindepunkta går på skrå av lengderetninga på stoffet og dannar markerte skråstriper.
  • Satengbinding, der bindepunkta ligg meir isolert frå kvarandre og kor dei to trådsystema er framtredande på kvar si side av vevnaden.

Kjelder

Read next

In 36 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article