- Denne artikkelen handlar om musikkgruppa. For debutalbumet, sjå 2008-albumet Vampire Weekend.
Vampire Weekend er ei amerikansk rockegruppe frå New York City. Gruppa er i dag tilknytt Columbia Records og var stifta i 2006 av vokalist og gitarist Ezra Koenig, fleirinstrumentalist Rostam Batmanglij, trommis Chris Tomson og bassist Chris Baio. Musikken deira er inspirert av punkrock, afrikansk popmusikk og karibiske rytmar.
Det første albumet frå gruppa, Vampire Weekend, kom ut i 2008 og inkluderte singlar som «Mansard Roof», «A-Punk», «Oxford Comma», «Cape Cod Kwassa Kwassa» og «The Kids Don't Stand a Chance». I 2010 gav dei ut albumet Contra og i 2013 albumet Modern Vampires of the City. Gruppa vann ein Grammy Award i 2014 for beste alternative musikkalbum. Batmanglij forlét gruppa tidleg i 2016. Det fjerde stuidoalbumet deira, Father of the Bride, vart utgjeve i mai 2019.
Diskografi
- Vampire Weekend (2008)
- Contra (2010)
- Modern Vampires of the City (2013)
- Father of the Bride (2019)
- Only God Was Above Us (2024)
