factograf
NN

Vaffel

Vaffel
Eit vaffeljarn av skandinavisk type.
Eit vaffeljarn av skandinavisk type.

Ein vaffel (fleirtal vaflar) eller ei vaffelkake er eit tjukkvore, oftast noko luftig, bakverk som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Jarnet gjev vaflane mønster og form, som kan vera firkanta eller runde for heile kaka, og inndelingar i mindre delar som også kan vera firkanta eller hjarteforma.

Røre

Vaffelrøre blir gjerne laga med egg, mjølk, kveitemjøl og smelta smør. Ein kan også nytta bakepulver, gjær eller andre hevingsmiddel. I tillegg kan ein tilsetja salt, sukker, vanilje eller kardemomme og liknande.

Ein kan nytta egg frå høns til røra, men også frå andre fuglar og frå fisk. Vaffelrøre med torskerogn har til dømes vore nytta blant kysten i Noreg.

I staden for smør kan ein nytta andre feittypar, som smult eller olivenolje, i røra.

I tillegg til mjølk kan ein også nytta fløyte eller rømme i røra. Det finst også døme på vaffelrøre laga med øl.

Ein kan også nytta andre typar mjøl eller havregryn i tillegg til kveite.

Historie

Kaker steikte på jarn er nokre av dei eldste kjente kakene. Ein kjenner til kakejarn for avletter eller krumkaker frå 1600-talet. Vaflar er nemnde i kjelder frå 1700-talet.

Tradisjonar

Vafler kan vera rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange stader i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar).

I Noreg kan ein til dømes servera vaflar med syltetøy og rømme eller smør og brunost. I Nordland og Trøndelag finst det også skikkar med å ha egg og salt kjøtpålegg på vaflar. Ein kan også nytta vaflar til pølse i brød, noko ein til dømes har gjort i Østfold i Noreg.

Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.

Galleri

Runde vaflar, typisk mange stader i Nord-Amerika.
Runde vaflar, typisk mange stader i Nord-Amerika.
Ein belgisk vaffel av brusseltypen (gaufre).
Ein belgisk vaffel av brusseltypen (gaufre).
Svenske våfflor med iskrem og bringebær. Foto: Per Erik Strandberg
Svenske våfflor med iskrem og bringebær. Foto: Per Erik Strandberg
Pølse i vaffel
Pølse i vaffel
4 images

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Vaffel
Wikikokeboka har oppskrifter for: Vaffelkake

Read next

In 63 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article