factograf
NN
Sign in

Toulon

Toulon

Key facts

folketal179 116
areal42,84km²
førekomst avkommune i Frankrike
landFrankrike
høgd over havet1m
styresmaktsleiarHubert Falco
All data from the card 8
Land Region Departement
Frankrike Provence-Alpes-Côte d'Azur Var
Flatevidd
42,84 km²
Flatevidd • By
42,84 km²
Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik • Storbyområde
160 639 3 750/km² 564 823
Koordinatar
43°7′33″N 5°55′53″E / 43.12583°N 5.93139°E
Høgd
1 m
Tidssone
CET (UTC+1)
Postnummer
83137/ 83000

Toulon (oksitansk Tolon eller Touloun) er ein by sør i Frankrike og ein stor marinebase ved kysten av Middelhavet for den franske marinen. Han ligg i regionen Provence-Alpes-Côte-d'Azur, og er prefecture (hovudstad) i departementet Var i den tidlegare franske provinsen Provence.

Byen har eit folketal på om lag 160 000 innbyggjarar, men storbyområdet hadde 564 823 i ei folketeljing i 1999.

Toulon er eit viktig senter for skipsbygging, fiske, vinproduksjon og produksjon av luftfarstutstyr, våpen, kart, papir, tobakk, trykking, sko og elektronisk utstyr.

Militærhamna vart omleira av Sébastien de Vauban. Napoleon sitt gjennombrot byrja med den avgjerande rolla han hadde under omleiringa av Toulon i 1793.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Toulon
  • Uoffisiell nettstad
  • Life In Toulon Arkivert 2011-07-12 ved Wayback Machine.
Litteratur
  • Maurice Arreckx, Vivre sa ville, Paris, La Table ronde, 1982; Toulon, ma passion, 1985
  • Jean-Pierre Thiollet, Le Chevallier à découvert, Paris, Laurens, 1998

Read next

In 105 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article