factograf
NN
Sign in

Topas

Topas
All data from the card 20
Kategori
Silikatmineral
Kjemisk formel
Al2SiO4(F,OH)2
Strunz-klassifisering
9.AF.35
Krystallsymmetri
Ortorombisk dipyramidalH-M-symbol: (2/m 2/m 2/m) Romgruppe: Pbnm
Einingscelle
a = 4.65 Å, b = 8.8 Å, c = 8.4 Å; Z = 4
Farge
fargelaus (om ingen ureinleikar), blå, brun, oransje, grå, gul, grøn, rosa og raudaktig rosa
Krystallform
Prismatiske krystallar med stripete sider parallell langs lengda; òg skiveforma, kompakt, massiv
Krystallsystem
Ortorombisk
Kløyv
[001] perfekt
Brot
Undermuslig til ujamn
Mohs hardleiksskala
8 (definerande mineral)
Glans
glasaktig
Strekfarge
Kvit
Transparens
Gjennomsiktig
Spesifikk vekt
3.49–3.57
Optiske eigenskapar
Toaksa (+)
Brytingsindeks
nα = 1.606–1.629nβ = 1.609–1.631nγ = 1.616–1.638
Dobbeltbryting
δ = 0.010
Pleokroisme
Svak i tjukke delar X = gul; Y = gul, fiolett, raudaktig; Z = fiolett, blåaktig, gul, rosa
Andre eigenskapar
Fluorescerande, kort UV=gylden gul, lang UV=kremaktig

Topas er eit mineral som er eit fluorhaldig aluminiumsilikat Al2SiO4F2. Dei vanlege topasane er gule, men det finst òg fargelause, lyseblå, grønlege og lyseraude. Einskilde gule topasar frå Brasil blir djupraude ved oppvarming.

Klåre varietetar av topas vert nytta som edelsteinar og dei beste kjem frå Sri Lanka, Brasil og Russland (Ural). I Noreg finst til dels store krystall på einskilde pegmatittgangar.

Pyrofysalitt er ein gulkvit, ugjennomsiktig topas som mellom anna finst på Modum og i Sverige. Pyknitt er ei stengleg form som særleg er kjent frå tinnsteinsgangane i Böhmen.

Nemninga topas blir òg feilaktig brukt om visse andre edel- og smykkesteinar. Orientalsk topas er ein gul varietet av korund, spansk topas er ein gul kvarts og ofte ein varmehandsama ametyst. Såkalla røyktopas er det same som røykkvarts.

Kjelder

  • Raade, Gunnar. (15. februar 2009). Topas: mineral. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/topas%2Fmineral.
  • Raade, Gunnar. (15. februar 2009). Topas: smykkesteiner. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/topas%2Fsmykkesteiner.

Bakgrunnsstoff

  • rosa Topaz, Biblical Topaz References Arkivert 2009-08-15 ved Wayback Machine. Farlang – gem information and full text historical references
  • Topaz and other minerals found at Topaz Mountain, Juab County Arkivert 2013-08-27 ved Wayback Machine., Utah Geological Survey

Read next

In 86 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article