Thomas William Hamilton (fødd 31. desember 1951) er ein USA-amerikansk musikar og låtskrivar som sidan starten har vore bassist i hardrockbandet Aerosmith.
Hamilton har ofte vore medlåtskrivar på songar for Aerosmith, inkludert to av dei største suksessane deira: «Sweet Emotion» (1975) og «Janie's Got a Gun» (1989). Hamilton speler òg stundom gitar (t.d. «Uncle Salty», «Sick as a Dog»), syng korvokal (t.d. «Love in an Elevator») og ein sjeldan gong solovokal («Up On the Mountain»). I 2001 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Aerosmith.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Tom Hamilton (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
- Tom Hamilton ved The Internet Movie Database (IMDb)
