factograf
NN

The Economist

The Economist

Key facts

skipingstidspunkt1843
førekomst avtidsskrift, nettstad
landStorbritannia
grunnleggjarJames Wilson
skildra iDen store sovjetiske encyklopedien (1926–1947)
All data from the card 13
Land
Storbritannia
Type
Tidsskrift, nettstad
Innhald
Samfunnsøkonomi, politikk
Grunnlagd
1843
Eigarar
The Economist Group
Grunnleggjar(ar)
James Wilson
Utgjevar
The Economist Group
Sjefredaktør(er)
Zanny Minton Beddoes (2015), John Micklethwait (2006– 2014)
Språk
Engelsk
Hovudkvarter
London
ISSN
0013-0613, 1476-8860
OCLC
531780543
Nettstad
https://www.economist.com/ (engelsk), https://economist.com (engelsk)

The Economist er eit britisk nyheitsmagasin som blir gitt ut kvar veke av The Economist Newspaper Limited. Journalistikken dekkjer politikk, økonomi, vitskap, teknologi, og kultur, med klar hovudvekt på politikk, økonomi og finans. Journalistikken til The Economist dekkjer heile verda, men Storbritannia, USA, og Kina blir vigd særleg plass.

Bladet omtaler seg sjølv som ei avis (newspaper), ettersom journalistikken for det meste dekkjer nyheiter. Vekevis utgiving, A4-formatet og den glansa papirkvaliteten gjer det derimot lett å rekna The Economist som eit tidsskrift. Dette er også fordi journalistikken er svært databasert, og vektlegg djupare analysar framfor kontinuerleg nyheitsdekking. The Economist driv eit eige forskings- og analysebyrå med store samfunnsvitskaplege databasar under The Economist Intelligence Unit, som utarbeider datamaterialet for artiklane til magasinet.

The Economist blei grunnlagd av den skotske økonomen og politikaren James Wilson i september 1843. Magasinet har i dag ein sirkulasjon på ca. 1,5 millionar kopiar i veka. Noverande redaktør er den britiske økonomen og journalisten Zanny Minton Beddoes. Magasinet blir trykt kvar torsdag, og blir gjeve ut i Noreg på laurdagar.

The Economist har kontor i Bangkok, Beijing, Berlin, Brussel, Kairo, Delhi, Edinburgh, Frankfurt am Main, Hongkong, Johannesburg, London, Los Angeles, Mexico by, Moskva, New York City, Paris, Riga, San Francisco, São Paulo, Tokyo og Washington, DC.

Redaksjonelt standpunkt

The Economist har eit uttalt liberalt, sentrumsnært politisk grunnsyn. The Economist var tidleg ute med å støtta mellom anna homofilt ekteskap, legalisering av prostitusjon, aktiv dødshjelp, legalisering av cannabis, og strengare våpenlover i USA. Magasinet er uttalt tilhengjar av marknadsliberalisme, frihandel og internasjonalt samarbeid. Det har strenge krav for faktasjekking, journalistisk nøytralitet og korrektur. Ingen av artiklane i magasinet blir underskrivne av individuelle journalistar; i staden blir alle artiklar gjevne ut av The Economist i og for seg, slik at magasinet «skal tala med ei kollektiv stemme». Journalistar i magasinet samarbeider ofte om artiklar og rapportar, noko som ifølgje redaksjonen sikrar nøytraliteten og objektiviteten til artiklane.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «The Economist» frå Wikipedia på bokmål, den 11. desember 2023.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: The Economist
  • Offisiell nettstad

Read next

In 72 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article