factograf
NN
Sign in

Sympati

Sympati (av latin sympathía, frå gresk συμπάθεια, sumpátheia, 'medkjensle') er evna til å ta del i ein annan sine tankar og kjensler, til dømes å ha medkjensle med dei når dei har det ille, men også å gleda seg på deira vegner. Det er knytt til velvilje og forståing i høve til den ein har sympati for; det motsette er antipati.

Kjelder

  • Blackburn, Simon (2008), «sympathy», The Oxford Dictionary of Philosophy, Oxford University Press, henta 16. mars 2016

«sympati» (15. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.

Read next

In 51 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article