factograf
NN
Sign in

fugleslekt

Symjesniper

Symjesniper

Key facts

førekomst avtakson
vitskapleg namnPhalaropus
taksonomisk nivåslekt

Symjesniper (Phalaropus) er ei biologisk slekt av dei tre symjesnipeartane som finst. Dette er vadefuglar i snipefamilien, Scolopacidae. Dei er nære slektningar av andre sniper og vandresniper i slektene Tringa og Actitis, dessutan tereksnipe, steinvendarar Arenaria og Calidris-snipene. Symjesniper er spesielt kjent for to ting: det uvanlege kjønnsrollemønstret ved forplanting, og ein unik fôringsteknikk.

Dette er små til mellomstore sniper, ca. 18–23 cm i lengd, har «symjeflikar» på tærne og eit rett, tynnt nebb. Polarsymjesnipa har tydeleg tjukkare nebb enn dei andre to artane, jamfør namn på svensk, Brednäbbad simsnäppa. Symjesniper er overvegande grå og kvite om vinteren, og utviklar mørkare fjørdrakter med raude markeringar i sommardrakt. Kvithalesymjesnipa er hekkefugl i Nord-Amerika og er trekkfugl i Sør-Amerika. Polarsymjesnipe og symjesnipe har sirkumpolar utbreiing med hekkeområde rundt den nordlege polarsirkelen.

Levevis

Polarsymjesnipe og symjesnipe har uvanleg levevis for vadefuglar ved at dei er sterkt pelagiske, det vil seie dei brukar mykje av tida utanfor hekkesesongen langt ut i havet. Kvithalesymjesnipa er uvanleg halofil, føretrekk salt miljø, og beitar i stort tal på saltvassjøar som for eksempel Mono Lake i California og Store saltsjø i Utah.

Føde

Når symjesnipene beitar på grunt vatn sym dei ofte fort rundt i ein liten sirkel og dannar et lite «boblebad». Dette trur ein kan medverke til å røre opp mat frå botnen. Frå midten av sirkelen kan fuglen plukke små insekt og krepsdyr som har samla seg i dragsuget.

Det har blitt vist at symjesniper utnyttar overflatespenninga i vatnet for å fange matpartiklar og å flytte dei opp langs nebbet og inn i munnen.

Omvendt kjønnsdimorfisme og forplanting

Kjønnsdimorfisme som ein ofte finn blant fuglar er reversert hos dei tre symjesnipeartane. Hofuglane er større og meir fargerike enn hannane. Hoene følgjer hannane og konkurrerer om hekketerritorium, og vil aggressivt forsvare reirplass og partnar. Det er hannfuglane som rugar egga og tar omsorg for ungane.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Phalarope» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2009

Bakgrunnsstoff

  • Videoar av symjesnipene hos the Internet Bird Collection

Read next

In 48 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article