factograf
NN
Sign in

Surselva

Surselva

Key facts

areal1 374km²
høgd over havet2 379m
landSveits
ligg i administrativ einingGraubünden
tidssoneUTC+01:00
All data from the card 6
Land
Sveits
Kanton
Graubünden
Hovudstad
Ilanz
Areal
1 373,54 km²
Folketal
21 777 (2010)
Kommunar
43

Surselva er eit distrikt i kantonen Graubünden i Sveits. Det har eit areal på 1373 km² og litt over 20 000 innbyggjarar.

Surselva omfattar dalen til Vorderrhein og alle sidedalane til denne, frå starten nær Oberalppasset og heile vegen ned til Reichenau, der Vorderrhein går i hop med Hinterrhein og dannar Rhinen. Distriktet endar før samløpet ved ein stor skog ved restane etter Flimsraset. På grunn av raset er det for lite vatn i området til å drive jordbruk, så skogen, som har gjeve namn til distriktet (retoromansk selva tyder «skog» og Surselva tyder «ovanom skogen»), har fått vokse i fred.

Surselva er eit av få område i Sveits der der retoromansk er det dominerande språket (den andre dalen er Engadin, dalen som elva Inn renn gjennom). 59% har retoromansk til morsmål, medan tysk vert nytta av 34-35% av innbyggjarane.

Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Distriktet Surselva består av fem krinsar (tysk Kreis, retoromansk circul) og 43 kommunar (tysk Gemeinde, retoromansk cumün). Einast to av dei 43 kommunane har i overkant av 2 000 innbyggjarar.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Surselva District» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2012.

Read next

In 25 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article