factograf
NN
Sign in

Sundsvall

Sundsvall

Key facts

folketal70 918
areal5 328ha
førekomst avtettstad i Sverige
landSverige
skipingstidspunkt1621
høgd over havet241m
All data from the card 3
Land
Sverige
Areal
5 328 km²
Folketal
70 918 (31. desember 2023)

Sundsvall er ein svensk by og centralort i Sundsvalls kommun i Västernorrlands län i landskapet Medelpad. I 2011 hadde byen 50 712 innbyggjarar, noko som gjer byen til den 19. største i landet.

Byen er eit viktig handelssenter med variert industri. Her ligg fleire statlege embetsverk. Sundsvall har òg ei god hamn. Sundsvall Timrå lufthamn ligg ca. 20 km nord for byen (i Timrå kommun).

Sundsvall fekk bystatus i 1621 av Gustav II Adolf. Det er ein statue av han på «Stora Torget» i det sentrale Sundsvall. Den største veksten kom med utviklinga av sagbruks- og treforedlingsindustrien på 1800-talet. Området blei tidleg eit av dei viktigaste sagbruksindustriområde i Sverige. Etter ein bybrann i 1888 er bykjernen («Stenstaden») prega av breie gater og monumentale bygg i ulike stilartar. I byen ligg fleire museum og konsert- og kongresshallen Tonhallen. Det beste fotballaget i Sundsvall heiter GIF Sundsvall.

Det første internasjonale kasinoet i Sverige opna i 2001 i Sundsvall, med lokale på den gamle jernbanestasjonen. Kasinoet var eit av fire som vert drive av Casino Cosmopol, som igjen er dotterselskap av Svenska Spel.

Galleri

Kulturmagasinet i Sundsvall
Kulturmagasinet i Sundsvall
Sundsvall
Sundsvall
Hirschska huset
Hirschska huset
Rahmska huset
Rahmska huset
Hotell Knaust
Hotell Knaust
Hotell Knaust
Hotell Knaust
Utsyn frå Norra berget
Utsyn frå Norra berget
Mittuniversitetet
Mittuniversitetet
8 images

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Sundsvall» frå Wikipedia på bokmål, den 4. august 2012.
  • «Sundsvall», Store norske leksikon, 30. november 2011

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Sundsvall
  • Offisiell nettstad

Read next

In 71 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article