Stuart Pearce (fødd 24. april 1962) er ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Vest-London, aktiv spelar i tida frå 1978 til 2002. Han er særleg kjend for sine tolv år i Nottingham Forest, der han lenge var lagkaptein. Pearce var ein tøff og kontant forsvarsspelar, både back og midtstoppar. Han spelte 78 landskampar for England mellom 1987 og 1999.
Spelar
Klubbspel
Pearce byrja spele for Coventry City i 1983. I 1985 vart han overført til Nottingham Forest. Fram til 1997 spelte spelte han over 400 kampar og skåra 63 mål for klubben. I 1989 og 1990 var han med å vinne ligacupen for Nottingham Forest. Etter ein siste sesong som spelande trenar i Nottingham Forest, var han innom klubblag som Newcastle United, West Ham United og Manchester City.
Landslagsspel
Pearce debuterte på det engelske landslaget mot Brasil i mai 1987. Fram til september 1999 spelte han i alt 78 kampar og skåra 5-fem landslagsmål. Under VM i fotball 1990 deltok han i dei seks fyrste Englands-kampane, men ikkje i bronsefinalen mot vertslandet Italia. Både under EM i fotball 1992 i Sverige og EM i fotball 1996 på heimebane var han fast høgreback på Englands lag. Han var kaptein i 9 landskampar, mellom anna då England og Noreg spelte uavgjort på Wembley stadion i London den 14. oktober 1992. Kjetil Rekdal utlikna då til sluttresultatet 1-1 med eit fabelaktig langskot i det 77. minutt.
Merittar
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1989 og 1990 med Nottingham Forest
- Finalist i FA-cupen: 1991 med Nottingham Forest og 1998 med Newcastle United
- Tredjeplass i den engelske ligaen: 1988, 1989 og 1995 med Nottingham Forest
Trenar
Pearce har mellom anna vore lagsjef for Manchester City, England U-21 og Nottingham Forest.
Kjelder
- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Stuart Pearce» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2024.
