Spessartin er eit raudt, oransjeraudt til gult mineral, ein manganhaldig granat. Den kjemiske samansetjinga er Mn3Al2(SiO4)3. Spessartin er ein granat i pyralspitt-serien og dannar ofte kjemiske blandingsrekkjer med granatane almandin og pyrop. Det finst særleg på granittpegmatittar og i manganrike omvandlingsbergartar. Kjende førekomstar i Noreg er Byneset ved Trondheim, Iveland og Bykle i Aust Agder. Klår spessartin kan nyttast som smykkestein.
Kjelder
- Spessartin. (2012, 9. november). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/spessartin.
