factograf
NN
Sign in

Sivas

Sivas

Key facts

folketal365 274
høgd over havet1 285m
førekomst avby, kommune
landTyrkia
ligg i administrativ einingProvinsen Sivas
offisielt språktyrkisk
All data from the card 11
Land
Tyrkia
Region
Sentral-Anatolia
Provins
Sivas
Høgd
1 285 moh.
Koordinatar
39°45′N 37°01′E / 39.750°N 37.017°E
Folketal
425 297
Borgarmeister
Doğan Ürgüp
Tidssone
EET (UTC+2)
Postnummer
58XXX
Retningsnummer
(+90) 346
Bilnummer
58

Sivas (tidlegare Sebaste og i antikken Sebasteia) er ein by aust i det sentrale Tyrkia og administrativt sete for provinsen Sivas. Byen har kring 425 000 innbyggjarar og ligg 350 km aust for Ankara.

Byen ligg 1285 meter over havet i ein vid dal som elva Kızılırmak renn gjennom og er eit handels- og industrisenter, sjølv om økonomien tradisjonelt sett har vore basert på jordbruk. Sivas er òg eit vegknutepunkt for vegane nord-sør og aust-vest til Irak og Iran. Byen har hatt universitet sidan 1974.

Sivas, det romerske Sebasteia, var ein viktig by i romersk, bysantinsk og seldsjukkisk tid. Tidlegare var det ei stor armensk folkesetnad her, fram til folkemordet på armenarane under første verdskrigen. Nasjonalistkongressen i Sivas september 1919 innleia revolusjonen til Kemal Atatürk, som leia fram til grunnlegginga av det moderne Tyrkia.

Klima

Sivas har eit kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dsa), med varme og tørre somrar og kalde og snørike vintrar. Dei tørraste månadane er juli og august og dei våtaste er april og mai.

Vêrdata for Sivas
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 14,6 17,3 25 29 32 35,2 40 39,4 34,6 30,3 22,8 19,4 40
Gjennomsnittleg maks °C 0,8 2,6 8,4 15,3 19,9 24,1 28,1 28,6 24,8 18,4 10,3 3,3 15,4
Gjennomsnittleg min °C −7,3 −6 −1,6 3,6 7,3 10,2 12,5 12,2 8,7 4,7 −0,3 −4,4 3,3
Lågast målte °C −34,6 −29,6 −27,6 −8,7 −2 1 4,8 4 −0,6 −8 −21 −27 −34,6
Gjennomsnittleg nedbør mm 40,1 38,3 46 65,7 60,3 33,9 11,2 7,6 18,3 37,8 41,6 43,9 444,7
Gns. luftfukt (%) 77 77 72 64 61 57 53 52 54 62 72 76 65
Gns. solskinstimar i månaden 77,5 95,2 151,9 186 257,3 318 372 359,6 291 198,4 120 71,3 2 498,2
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü Klima og temperatur

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Sivas» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Read next

In 82 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article