Sillimanitt er eit aluminiumsilikat med same kjemiske samansetjing som andalusitt og kyanitt, Al2SiO5 (polymorfi). Det krystalliserer rombisk. Mineralet opptrer oftast i fibrige aggregat (fibrolitt) og kan vere fargelaust, kvitt, grått eller brunt. Det finst i regionalmetamorfe bergartar og er vanleg fleire stader i Noreg, til dømes i Bamble og i området Søndeled–Songe på Sørlandet. Ved oppvarming til 1300 °C blir det danna eit høgeldfast material (mullitt), men sillimanitt finst ikkje så rikeleg at det har nokon særleg økonomisk tyding.
Sillimanitt er kalla opp etter den amerikanske kjemikaren Benjamin Silliman (1779–1864). Det vart først skildra i 1824 etter ein førekomst i Chester i, Middlesex County i Connecticut i USA.
Kjelder
- Sillimanitt. (11. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/sillimanitt.
