factograf
NN
Sign in

Ruhama

Ruhama

Key facts

folketal577
skipingstidspunkt1944
førekomst avbusetnad, kibbutz
landIsrael
høgd over havet168m
ligg i administrativ einingSha'ar HaNegev regionale kommune
All data from the card 8
Land
Israel
Region
Negev
Distrikt
Det sørlege distriktet
Kommune
Sha'ar HaNegev
Koordinatar
31°29′48.04″N 34°42′20.3″E / 31.4966778°N 34.705639°E
Folketal
577 (2015)
Grunnlagd
1911 (original busetjing)1944 (dagens busetjing)
Tilhøyrsle
Kibbutzrørsla

Ruhama (hebraisk skrift רֻחָמָה, tyder «Miskunn») er ein kibbutz i Negevørkenen sør i Israel. Den opphavlege busetjinga vart grunnlagd i 1911, og vert rekna som den første moderne, jødiske busetjinga i Negev.

Han ligg kring ti kilometer aust for Sderot og er omgjeve av eit naturreservat i Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2006 hadde han 399 innbyggjarar.

Historie

Ruhama vart først grunnlagd i 1911, på land som var kjøpt same året av «Leivningar av Israel» (hebraisk skrift שארית ישראל), som vart starta av russiske jødar i Moskva, leia av Simon Velikovskij, far til Immanuel Velikovskij, for å investere pengar i jødiske jordbrukssamfunn. Namnet kjem frå den bibelske boka Hosea, vers 1:6 og frå verset: «Eg vil så henne ut i landet mitt og miskunna meg over Lo Ruhamá. Til Lo Ammí vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!» (Hos. 2:23)». Det vart grave ein artesisk brunn i 1912, og ein fann rikeleg med vatn på ei djupne 50 meter under bakken.» Gruppa inkluderte òg medlemmar av den sosialistiske sionist-rørsla Hashomer Hatzair. Men dei første nybyggjarane vart drivne ut av Det osmanske riket i 1917. Ein forfallen museumsbygning er alt som er att etter den opphavlege busetnaden.

Den artesiske brunnen gjorde at dei allierte styrkane under general Allenby valde Ruhama som hovudkvarter då den britiske hæren og den jødisk-amerikanske legionen erobra Palestina.

HaShomer brukte Ruhama som sin base langs Gaza-Beersheva-linja.

To forsøk på å gjenopprette busetnaden under Det britiske mandatet vart hindra av arabiske opprør i 1929 og 1936. Kibbutzen vart til slutt grunnlagd på ny med suksess i 1944 og voks til eit folketal på 399.

Filmen Sweet Mud (2006) vart filma i Ruhama og Nir Eliyahu.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Ruhama» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2015.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  • From Fighters to Soldiers: How the Israeli Defense Forces Began Written by Yaacov N. Goldstein, Published 1998 Sussex Academic Press,ISBN 1-902210-01-8, Page 68 tells story of Ruhama farm as southern base for HaShomer
  • Building Together for Peace and Development article by Ruth Seligman, for Israelsk utanriksdepartement; mentions kibbutz Ruhama as residential center for Negev Institute for Strategies in Peace and Development (NISPED).

Bakgrunnsstoff

  • Ruhama Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. Negev informmasjonssenter
  • kibbutz Ruhama site by Kenny Sahr, with pictures of kibbutzen

Read next

In 9 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article