factograf
NN

Royal College of Music

Royal College of Music

Key facts

skipingstidspunkt1882
førekomst avoffentleg universitet, høgare utdanningsinstitusjon
landStorbritannia
ligg i administrativ einingRoyal Borough of Kensington and Chelsea
All data from the card 6
Grunnlagt
1882
Stad
Royal Borough of Kensington and Chelsea
Tilsette
285 (2019), 287 (2020), 266 (2018), 457 (2017), 242 (2016), 338 (2024), 279 (2025)
Medlemskap
Joint Information Systems Committee
Nettstad
http://www.rcm.ac.uk/, http://www.rcm.ac.uk/ (engelsk)
Erstattar
National Training School for Music


Royal College of Music er eit konservatorium i South Kensington i London.

Det blei skipa i 1882 av den dåverande prinsen av Wales, den seinare kong Edvard VII av Storbritannia.

RCM har over 900 studentar frå meir enn 50 ulike land, og blant professorane finst mange musikarar med internasjonalt ry. Ved QS World University Rankings frå 2024 blei det rangert som det fremste universitetet for utøvande kunst i verda.

Intitusjonen er eit av fire konservatorium tilknytt Associated Board of the Royal Schools of Music, og er medlem av Conservatoires UK. Det har tilhald på andre sida av vegen til Royal Albert Hall ved Prince Consort Road, og ligg ved sida av Imperial College blant musea og kultursentera i den såkalla Albertopolis.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Royal College of Music» frå Wikipedia på bokmål og «Royal College of Music» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2024.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Royal College of Music
  • Offisiell nettstad

Read next

In 31 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article