factograf
NN

Roberto Sighel

Roberto Sighel

Key facts

fødselsdato17. februar 1967
høgd168cm
yrkeskøyteløpar

Roberto Sighel (fødd 17. februar 1967) er ein italiensk tidlegare skeiseløpar frå Baselga di Pinè i provinsen Trento. Han vart verdsmeister i firkamp i 1992 og vann elles to EM-sølv og til saman tre bronsemedaljar i ulike firkamp-VM og europameisterskap.

Karriere

Sighel var ein av dei beste skeiseløparane i verda gjennom femten sesongar, 1988–2002. I gjennombrotsåret 1988 enda han på sjetteplass i både EM og firkamp-VM. Året etter vart han femtemann i EM, medan han i firkamp-VM 1991 i Heerenveen kneip andreplassen bak suverene Johann Olav Koss frå Noreg.

I mars 1992, etter ein heller svak OL-sesong, gjekk Sighel heilt til topps då firkamp-VM fann stad i kanadiske Calgary. Med seg på sigerspallen hadde han europameisteren Falko Zandstra og OL-vinnar Koss.

Vinteren 1995 vart Sighel nummer tre både ved EM i Heerenveen og då firkamp-VM gjekk på heimebana i Baselga di Pinè. Både i 1998 og 1999 kom han på andreplass i europameisterskapen, begge gongane vart han slått av Rintje Ritsma frå Nederland. Ved firkamp-VM dei to nemnde sesongane tok han høvesvis tredje- og fjerdeplassen. I sin siste internasjonale sesong, OL-sesongen 2002, vart han sjuandemann både ved EM i Erfurt, på 5000 m og 10000 m under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City og i firkamp-VM i Heerenveen.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Roberto Sighel» frå Wikipedia på nederlandsk, den 23. november 2016.

Bakgrunnsstoff

  • «Roberto Sighel» (på engelsk). olympedia.org. Henta 2023-01-25.

Read next

In 11 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article