factograf
NN
Sign in

Ray Thomas

Ray Thomas

Key facts

fødselsdato29. desember 1941
dødsdato4. januar 2018
yrkesongar, låtskrivar, songar-låtskrivar
fødestadStourport-on-Severn
dødsstadSurrey
sjangerprogressiv rock
All data from the card 11
Fødd
29. desember 1941
Fødestad
Stourport-on-Severn i England
Død
4. januar 2018 (76 år)
Dødsstad
Surrey
Fødenamn
Ray Thomas
Opphav
Storbritannia
Aktiv
1960–2002
Instrument
Fløyte, munnspel, obo, saksofon, tamburin, vokal
Stemmetype
baryton
Tilknytte artistar
The Moody Blues, El Riot and the Rebels, Krew Cats
Verka som
Songar, låtskrivar, fløytist

Ray Thomas (29. desember 1941–4. januar 2018) var ein engelsk musikar som var best kjend som fløytist, songar og låtskrivar i rockebandet The Moody Blues.

Thomas var fødd i Stourport-on-Severn i Worcestershire vest i England. Han byrja å synge i ungdomskor tidleg i 1960-åra. Han starta også å spele munnspel i lag med bassgitarist og framtidig Moody Blues-medlem John Lodge i eit band. Dei to spelte i lag i El Riot and the Rebels. Etter nokre år vart klaverspelar og ven Mike Pinder, som òg spelte i Moody Blues, med i bandet òg. Thomas og Pinder (utan Lodge) spelte seinare i bandet Krew Cats. Dette bandet utvikla seg til den første inkarnasjonen av The Moody Blues.

I 1974 tok bandet ein pause og alle medlemmane laga soloalbum. Thomas gav ut albuma From Mighty Oaks (1975) og Hopes Wishes and Dreams (1976). Bandet gav i 1978 ut albumet Octave. Thomas medverka mindre og mindre utover i 1980-åra, og medverka ikkje i det heile til albumet Sur La Mer, sjølv om han var omtalt i plateomslaget.

Thomas trekte seg frå bandet i 2002.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Ray Thomas» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2012.

Read next

In 16 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article