
Qantas er eit australsk flyselskap. Det er det eldste og største flyselskapet i Australia, og det nest eldste flyselskapet i verda, etter KLM. Selskapskoden er QF (QFA).
Historie
Selskapet vart skipa 16. november 1920 under namnet Queensland and Nortern Territoriet Aerial Services Limited. Det vart raskt betre kjend under namnet Qantas. Selskapet var i statleg eige i perioden frå 1947 og fram til ut på 1990-talet, då det igjen vart privatisert. I 2004 etablerte Qantas dotterselskapet Jetstar, som er eit lågprisselskap.
Flåte
Per 2. mars 2013 omfatta flåten til Qantas følgjande fly:
| Flytype | Mengd | Ordre |
|---|---|---|
| Airbus A330-200 | 9 | 0 |
| Airbus A330-300 | 10 | 0 |
| Airbus A380-800 | 12 | 2 |
| Boeing 737-400 | 9 | 0 |
| Boeing 737-800 | 54 | 4 |
| Boeing 747-400 | 18 | 0 |
| Boeing 767-300 | 22 | 0 |
| Boeing 787-8 | 0 | 15 |
| Totalt: | 134 | 21 |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Qantas» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2018.
Bakgrunnsstoff
Commons har multimedium som gjeld: Qantas
- Offisiell nettstad
