factograf
NN
Sign in

Protvino

Protvino

Key facts

folketal12 995
areal26km²
førekomst avby eller småby
landRussland
skipingstidspunkt1960
høgd over havet140m
All data from the card 7
Land
Russland
Føderasjonssubjekt
Moskva oblast
Høgd
176 m
Areal
26 km²
Folketal
12 995 (1970)
Grunnlagd
1960
Retningsnummer
+7 4967

Protvino (russisk Протвино́) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 100 km sør for Moskva og 15 km vest for Serpukhov, på venstre breidda av elva Protva.

Historie

Bygginga av ein urbanliknande busetnad, rundt eit stort forskingslaboratorium innan høgenergi partikkelfysikk, starta i 1958 og RosAtom sitt Institutt for høgenergifysikk, IHEP (russisk: Институт физики высоких энергий – Institut fiziki vysokikh energij) opna her i 1965. Instituttet er kjend for partikkelakseleratoren U-70, som var den største i verda då han starta opp i 1967 og for annan fysikkrelatert forsking. Protvino fekk bystatus i 1989.

Kjelder

  • Delar av denne artikkelen bygger på «Protvino» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Protvino
  • Offisiell nettstad

Read next

In 42 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article