factograf
NN
Sign in

slekt av sporvefuglar

Piplerker

Piplerker

Key facts

førekomst avtakson
vitskapleg namnAnthus
taksonomisk nivåslekt

Piplerker (Anthus) er ei kosmopolitisk slekt av små sporvefuglar med middels til lang stjert. Saman med erler og piplerkene i slekta Macronyx utgjer dei erlefamilien (Motacillidae). Slekta har vid utbreiing og finst over det meste av verda, bortsett frå dei mest tørre ørkenane, regnskogane og fastlandet i Antarktis.

Piplerker er slanke, lite iaugefallande fuglar som lever på bakken og et insekt i ope landskap. Som dei fleste artar i familien er dei monogame og territoriale. Piplerker hekkar på bakken og legg opptil seks spraglete egg.

Taksonomi og systematikk

Ei newzealandpiplerke (A. novaeseelandiae). Denne arten vart tidlegare rekna som same art som australiapiplerke (A. australis)
Ei newzealandpiplerke (A. novaeseelandiae). Denne arten vart tidlegare rekna som same art som australiapiplerke (A. australis)

Slekta Anthus vart innført i 1805 av den tyske naturforskaren Johann Matthäus Bechstein. Seinare vart heipiplerke vald som typeart. Det vitskaplege namnet kjem frå latin: Anthus viser til ein liten graslandsfugl nemnd av Plinius den eldre.

Molekylære studiar tyder på at slekta oppstod i Aust-Asia for kring sju millionar år sidan (i sein miocen), og spreidde seg til Amerika, Afrika og Europa for om lag 5–6 millionar år sidan. Artsdanninga skjedde raskt i pliocen (5,3–2,6 millionar år sidan), men gjekk saktare under pleistocen. Gjentatte spreiingar mellom kontinent ser ut til å ha vore viktige for å skape nye artar i Eurasia, Afrika og Nord-Amerika, heller enn at artane utvikla seg isolert etter kolonisering. I Sør-Amerika ser derimot geografisk isolasjon (vicariance) ut til å ha vore ein viktig faktor for artsdanning.

Nolevande artar

Slekta omfattar 46 artar og er dermed den mest artsrike slekta i familien. Dei nøyaktige artsgrensene er framleis omdiskuterte, og somme system lister berre 34 artar.

Til dømes vart newzealandpiplerke (A. novaeseelandiae), som i dag er delt i fire underartar på New Zealand, tidlegare rekna å omfatte òg australiapiplerke (A. australis), tartarpiplerke (A. richardi), orientpiplerke (A. rufulus) og savannepiplerke (A. cinnamomeus). På den andre sida kan nokre underartar frå subantarktise øyane ved New Zealand bli skilde ut som eigne artar. Desse taksonomiske utfordringane kjem av at fuglane i slekta liknar kvarandre sterkt.

Familien har òg piplerker utanfor slekta Anthus, først og fremst åtte Macronyx-piplerker, på engelsk longclaws. Ei anna er gullpiplerke (Tmetothylacus tenellus), som tilhøyrer ei monotypisk slekt. Denne arten er mellomform i utsjånad mellom Anthus-piplerker og Macronyx-piplerker og er truleg nærare i slekt med sistnemnde. Ein annan art, sitronpiplerke, vert no plassert i slekta Hemimacronyx, som også er rekna som overgangsform mellom piplerker i Anthus og Macronyx. Delinga byggjer både på morfologiske trekk og genetiske analysar.

Skildring

Langnebbpiplerke – fjørdrakta er typisk for slekta, sjølv om denne underarten manglar den sterke stripinga mange piplerker har på brystet
Langnebbpiplerke – fjørdrakta er typisk for slekta, sjølv om denne underarten manglar den sterke stripinga mange piplerker har på brystet

Omtrent halvparten av artane i Arthus har kroppslengd på rundt 14-16 cm. Kortstjertpiplerke (A. brachyurus) er ein av dei minste artane med berre 11,5–12,5 cm. Den største arten kan vere fjellpiplerke (A. hoeschi) på 18,5 cm. Kroppsvekta for slekta under eit ligg mellom 13 og 40 gram. Som alle andre medlemmar av familien er dette slanke fuglar med kort hals, lange bein, og ofte svært lange bakklør. Lengda på bakklørne varierer med leveviset: artar som held seg meir i tre har kortare og meir bogeforma klør, medan bakkefuglar har lange, rette klør. Nebbet er langt, slankt og spisst. Kjønna er svært like i både storleik og fjørdrakt.

Fjørdrakta er vanlegvis brun, gråbrun eller kvitaktig, med varierande mengd striper og flekker på rygg, venger og bryst. Den lite iaugefallande drakta gjev fuglane kamuflasje mot jord og stein i det opne terrenget dei lever i. Nokre få artar får meir fargerik hekkedrakt – til dømes har rosenpiplerke (A. roseatus) grøne kantar på vengfjørene. Madanga (Anthus ruficollis) på Buru i Molukkane, om han blir ståande i slekta, skil seg påviseleg ut i fjørdrakt med olivengrøn overside, grått hovud og underside, og oransje strupe.

Utbreiing og leveområde

Kanaripiplerke (Anthus berthelotii) finst berre på Madeira og Kanariøyane
Kanaripiplerke (Anthus berthelotii) finst berre på Madeira og Kanariøyane
Trepiplerke hekkar i Europa og Nord-Asia og overvintrar i India og Afrika
Trepiplerke hekkar i Europa og Nord-Asia og overvintrar i India og Afrika
2 images

Piplerker har ei kosmopolitisk utbreiing og finst på det meste av verdas landareal. Dei er den einaste slekta i familien som er vidt utbreidd i Amerika frå arktiske øyar i Canada med myrpiplerke (A. rubescens), til Tierra del Fuego i sør med arten correnderapiplerke (A. correndera).

Tre artar lever i Nord-Amerika, sju i Sør-Amerika, og resten i Eurasia, Afrika og Australia, i tillegg til to artar på atlantiske øyar. Seks artar lever på meir enn eitt kontinent.

Som venta hos ei så vidt utbreidd slekt, lever piplerker i mange typar ope habitat. Dei er knytte til grasland i alt frå havnivå til alpin tundra. Nokre, som skjerpiplerke og sørgeorgiapiplerke, held til i fjøresteinane, medan andre lever i fjellområda.

Slekta finst frå arktisk tundra og subantarktiske øyar til tropane, men ikkje i tett regnskog. Nokre artar, som miombopiplerke i Sør-Afrika, lever på opne savannar og i miombo-skog.

Nokre artar er stasjonære året rundt, til dømes kanaripiplerke på Madeira og Kanariøyane, medan andre er delvis nomadiske eller gjer fugletrekk. Trepiplerke og fleire nordlege artar er langdistansetrekkarar, medan fjellpiplerke i Sør-Afrika berre flyttar nokre hundre kilometer nordover vinterstid. Trekket skjer gjerne i flokkar, både dag og natt. Eit unnatak er præriepiplerke (A. spragueii) i Amerika, som berre trekker på dagtid.

Åtferd og økologi

Myrpiplerke viftar med stjerten både sidevegs og opp og ned
Myrpiplerke viftar med stjerten både sidevegs og opp og ned

Piplerker er aktive bakkefuglar som held seg på marka mesteparten av tida. Dei flyg under visingsspel, på trekk eller når dei vert uroa. Nokre artar nyttar òg tre, buskar, steinar eller termittuer som utkikkspunkt.

Som erlene rører dei ofte på stjerten. Måten dei gjer det på kan hjelpe til å skilja artar som elles liknar mykje på kvarandre. Til dømes viftar bergpiplerke stjerten raskt, medan sibirpiplerke (A. hodgsoni) gjer det meir langsamt. Myrpiplerke rører stjerten både opp og ned og sidevegs. Føremålet med denne åtferda er ikkje heilt klart, men hos erler er det truleg eit signal til predatorar om at fuglen er på vakt.

Føde

Føda åt piplerker består mest av små virvellause dyr. Insekt utgjer hovuddelen av føda – mellom anna fluger, biller, grashopper, teger, maur, bladlus og sommarfuglar i både larve- og vaksenstadium.

Dei tek òg edderkoppar, og meir sjeldan meitemakk og skorpionar. Piplerker er opportunistiske og et det som er mest tilgjengeleg, og samansetninga av føda varierer med sesong og område.

Hos somme artar skil kosten til dei vaksne seg frå det dei gjev ungane – til dømes et trepiplerke mykje biller sjølv, men gjev larver og mjukare insekt til ungane.

Artar som lever langs kysten kan òg eta krepsdyr og skjel, og skjerpiplerke er observert medan ho et fisk som lunde har mista under jakt. Nokre artar tek òg bær og frø i visse periodar.

Artsliste

Anthus i rekkjefølgje etter AviList v2025:

Norsk namn Vitenskapleg namn Autor Engelsk namn Kroppslengd, vekt og utbreiing IUCN status
Bergpiplerke Anthus sylvanus (Hodgson, BH, 1845) Upland pipit 17 cm; 19 g; Himalaya, Sør-Kina (bratte skråningar med stein og gras) LC
Mongolpiplerke Anthus godlewskii (Taczanowski, W, 1876) Blyth's pipit 15–17 cm; 17–30,5 g; Sentral- og Aust-Asia vinter i India (tørre habitat) LC
Fjellpiplerke Anthus hoeschi Stresemann, EFT, 1938 Mountain pipit 18,5 cm; 23,5–31 g; hekkar i Drakensberg, Sør-Afrika, overvintar i austlege Angola til nordvestlege Zambia NT
Markpiplerke Anthus campestris (Linnaeus, C, 1758) Tawny pipit 16,5–17 cm; 17-32 g; Eurasisk steppel/åkerlandskap (Vest-Asia, Europa) LC
Kanaripiplerke Anthus berthelotii Bolle, CA, 1862 Berthelot's pipit 14 cm; 16–19 g; Kanariøyane, Madeira (tørr, halvørken) LC
Langnebbpiplerke Anthus similis (Jerdon, TC, 1840) Long-billed pipit 17-20 cm; 30–35 g; Afrika sør for Sahara, sørvestlege Asia (tørre habitat) NE
Slettepiplerke Anthus vaalensis Shelley, GE, 1900 Buffy pipit 15–18,5 cm; 23–37 g; sørlege Afrika (steppe/grasland) LC
Miombopiplerke Anthus nyassae Neumann, OR, 1906 Wood pipit 18 cm; 24–26 g; sørlege Afrika (miombo/skogsteppe) LC
Kappiplerke Anthus nicholsoni Sharpe, RB, 1884 Nicholson's pipit 17-20 cm; 22–25 g; sørvestlegaste Afrika (steina åsar med kratt/open skog) NE
Newzealandpiplerke Anthus novaeseelandiae (Gmelin, JF, 1789) New Zealand pipit 17–18 cm; New Zealand inkl. nærliggjande øyar NE
Australiapiplerke Anthus australis Vieillot, LJP, 1818 Australian pipit 17–18 cm; Australia, Tasmania (open mark) NE
Kongopiplerke Anthus pallidiventris Sharpe, RB, 1885 Long-legged pipit 18 cm; sørvestlege Kamerun til nordlege Angola LC
Malindipiplerke Anthus melindae Shelley, GE, 1900 Malindi pipit 14,5-16 cm; 19–27 g; austlege Somalia og nordaustlege Kenya (kystnære grasland) LC
Brannpiplerke Anthus leucophrys Vieillot, LJP, 1818 Plain-backed pipit 15–17 cm; 21–32 g; Afrika sør for Sahara (savanne) LC
Savannepiplerke Anthus cinnamomeus Rüppell, WPES, 1840 African pipit 16–17 cm; 18–31 g; Afrika sør for Sahara (grasland og savanne) LC
Tartarpiplerke Anthus richardi Vieillot, LJP, 1818 Richard's pipit 17–18 cm; 21-40 g; Aust- og Sentral-Asia; overvintring i Sør-Asia (opent land) LC
Orientpiplerke Anthus rufulus Vieillot, LJP, 1818 Paddyfield pipit 15-16 cm; 17–23 g; Sør-Asia og Sør-Øst-Asia (risfelt, jordbruksland) LC
Stripepiplerke Anthus lineiventris Sundevall, CJ, 1850 Striped pipit 17–18 cm; 30–35 g; Afrika sør for Sahara (skogrand/opent buskas) LC
Steinpiplerke Anthus crenatus Finsch, FHO; Hartlaub, KJG, 1870 African Rock pipit 15–18 cm; 28–39 g; fjell/steinland i Sør-Afrika NT
Sokokepiplerke Anthus sokokensis Van Someren, VGL, 1921 Sokoke pipit 12 cm; 12–17 g; kystskog (Kenya og Tanzania, Sokoke-område) EN
Kortstjertpiplerke Anthus brachyurus Sundevall, CJ, 1850 Short-tailed pipit 11,5-12,5 cm; 16–17 g; Afrika subsahara (busksteppe) LC
Buskpiplerke Anthus caffer Sundevall, CJ, 1850 Bushveld pipit 12,5-13,5 cm; 16–18 g; Angola og søraustlege Afrika LC
Præriepiplerke Anthus spragueii (Audubon, JJ, 1844) Sprague's pipit 15–17 cm; 20–28 g; grassteppe i Nord-Amerika (prærie) VU
Graspiplerke Anthus chii Vieillot, LJP, 1818 Yellowish pipit 10,5–14 cm; 13–18 g; Sør-Amerika (opent grasland, pampas) LC
Argentinapiplerke Anthus furcatus d'Orbigny, ACVMD; de Lafresnaye, NFAA, 1837 Short-billed pipit 14–14,5 cm; 20 g; Argentina og Uruguay (fjell/steppe) LC
Punapiplerke Anthus brevirostris Taczanowski, W, 1875 Puna pipit 14 cm; 20 g; høgland i Andes, sentrale Peru gjennom Bolivia til nordlege Argentina (Puna) LC
Perupiplerke Anthus peruvianus Nicholson, F, 1878 Peruvian pipit 13-14 cm; kysten av Peru LC
Chacopiplerke Anthus chacoensis Zimmer, JT, 1952 Pampas pipit 13 cm; Pampas, søraustlege Sør-Amerika (Paraguay og Argentiina) LC
Pampaspiplerke Anthus hellmayri Hartert, EJO, 1909 Hellmayr's pipit 14–16 cm; 16–21 g; seks land i søraustlege Sør-Amerika (pampas/grasland) LC
Paramopiplerke Anthus bogotensis Sclater, PL, 1855 Paramo pipit 15 cm; høgfjell i Andes, (paramo-sona) LC
Okerpiplerke Anthus nattereri Sclater, PL, 1878 Ochre-breasted pipit 13,5–15 cm; Paraguay, Uruguay, sørlegaste Brasil (grovsteppe/grasland) VU
Sørgeorgiapiplerke Anthus antarcticus Cabanis, JL, 1884 South Georgia pipit 16,5 cm; Sør-Georgia (subantarktisk øygruppe) LC
Correnderapiplerke Anthus correndera Vieillot, LJP, 1818 Correndera pipit 14–16 cm; 15–26,5 g; sentrale-sørlege Sør-Amerika (grasland, Patagonia) LC
Tundrapiplerke Anthus gustavi Swinhoe, R, 1863 Pechora pipit 14 cm; 20–26 g; nordlege Eurasia; overvintrar i Sør-Asia LC
Madanga Anthus ruficollis (Rothschild, LW; Hartert, EJO, 1923) Madanga 13 cm; endemisk til Buru i Molukkane, Indonesia (skog) EN
Papuapiplerke Anthus gutturalis De Vis, CW, 1894 Alpine pipit 17,5-18 cm; Ny-Guinea (fjell/alpint grasland) LC
Nilgiripiplerke Anthus nilghiriensis Sharpe, RB, 1885 Nilgiri pipit 17-17,5 cm; sørlege India (Nilgiri-fjella) VU
Trepiplerke Anthus trivialis (Linnaeus, C, 1758) Tree pipit 14-15 cm; 15–39 g; Hekkar i Eurasia, overvintrar i Afrika og India (skog/skogkanter) LC
Sibirpiplerke Anthus hodgsoni Richmond, CW, 1907 Olive-backed pipit 15–17 cm; 17–26,5 g; Nord-Asia og fjell i Sør-Asia (skogkant ved taiga, open skog) LC
Lappiplerke Anthus cervinus (Pallas, PS, 1811) Red-throated pipit 14–15 cm; 16–29 g; Nordlegaste Eurasia; trekk til Sør-Asia/Afrika LC
Rosenpiplerke Anthus roseatus Blyth, E, 1847 Rosy pipit 15–16,5 cm; 17–25 g; Sentral-Asia (fjellsteppe) LC
Amurpiplerke Anthus japonicus Temminck, CJ; Schlegel, H, 1847 Siberian pipit 15–17 cm; 21 g; austlegste Sibir, austlege Asia NE
Myrpiplerke Anthus rubescens (Tunstall, M, 1771) American pipit 15–17 cm; 21 g; Nord-Amerika (tundra, prærie); streif til Vest-Europa og Casta Rica NE
Heipiplerke Anthus pratensis (Linnaeus, C, 1758) Meadow pipit 14,5-15 cm; 14,5–22 g; Europa og vestlege Asia (eng/hei) LC
Skjerpiplerke Anthus petrosus (Montagu, G, 1798) European Rock pipit 16,5–17 cm; 18–32,5 g; kystnære steinar/klipper i Vest-Europa LC
Vasspiplerke Anthus spinoletta (Linnaeus, C, 1758) Water pipit 15–17 cm; 19–23 g; fjell, myr og ved elvar og innsjøar i Europa og Asia LC

Kjelder

  • Denne artikkelen byggjer på «Anthus» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2025
Referansar

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Piplerker


Read next

In 57 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article