Pantin er ein kommune i dei nordaustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 6,4 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus og rundt 55 000 innbyggjarar.
Hovudkvarteret til sykkelprodusenten Motobecane låg ein gong i Pantin.
Namn
Namnet Pantin vart først nedteikna i 1067 som Pentini. Dette kjem kanskje frå det romerske slektsnamnet Pentinus, ein variant av Pantaenus eller Repentinus, men dette er noko usikkert.
Historie
I 1860 vart byen Paris utvida ved å leggje område frå nabokommunane inn under byen. I dette tilfellet vart ein liten del av kommunen Pantin overført til Paris.
I 1867 vart ein del av Pantin og kommunane Romainville og Bagnolet slått i saman for å danne kommunen Les Lilas.