
Oxted er ein by i Surrey i England. Han er administrasjonby for distriktet Tandridge.
Han blir nemnt i Domesday Book (1086) som Acstede, og var då kontrollert av Eustace II av Boulogne. Den gamle landsbyen, i dag kjent som Old Oxted, er eit lite område ved A25. Då jarnbana nådde staden i 1884 – fleire år forseinka på grunn av finansieringsproblem – opplevde landsbyen sterk vekst, og byen byrja å vekse opp. Dei nye bygningane vart for det meste heldt i tudorstil, noko som gjev byen eit historisk preg trass i at det berre er ein liten del som er eldre enn slutten av 1800-talet.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Oxted» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Commons har multimedium som gjeld: Oxted
