Orhei (russisk Оргеев, Orgejev) er ein by og ein mindre bykommune (oraș) innanfor distriktet Orhei i Moldova og hovudsete i distriktet. Byen med vel 20 000 innbyggjarar ligg om lag midt i landet, om lag 50 km nord for hovudstaden Chișinău. I 2016 fekk Orhei status som municipiu, men utan å bli rekna på distriktsnivå.
Orhei har fått namnet sitt frå Orhei Vechi, eit aktivt kloster nær landsbyen Ivancea. Orhei var heimstad for mange jødar før den andre verdskrigen og har i dag ein stor jødisk gravplass. I dag er det berre ei aktiv synagoge att. Dei fleste andre kyrkjene er russisk-ortodokse.
Folketal
Kommunen har den eine busetnaden. For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnadene.
| Folketal 2004 | Folketal 2014 | |
|---|---|---|
| Orhei | 25 641 | – |
| Kommunen Orhei | 25 641 | 21 065 |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Orhei» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2008.
