factograf
NN
Sign in

Novouralsk

Novouralsk

Key facts

folketal76 982
areal100km²
førekomst avby eller småby
landRussland
skipingstidspunkt1941
høgd over havet300m
All data from the card 8
Land
Russland
Føderasjonssubjekt
Sverdlovsk oblast
Høgd
300 m
Areal
100 km²
Folketal
76 982 (2025)
Grunnlagd
1941
Postnummer
62413x
Retningsnummer
(+7)34370

Novouralsk (russisk Новоура́льск) er ein lukka by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 80 000 innbyggjarar.

Byen Novouralsk, tidlegare kjend som Sverdlovsk-44, ligg på austsida av Uralfjella, rundt 60 km nordvest for Jekaterinburg. Sjølv om byen vart grunnlagt under den andre verdskrigen og fekk namnet Novouralsk i 1954, så vart han heldt hemmeleg heilt til 1994 og han har framleis status som «lukka by». Økonomien i byen er dominert av atomindustri, i tillegg til bil- og bygningsindustri.

Økonomi og industri

Byen er heimstad for Ural elektro-kjemiske fabrikk, som har anrikning av uran og utvikling av sentrifugeteknologi til dette føremålet som viktigaste oppgåve, i tillegg til framstilling av instrument og industrisystem for atomindustrien. Fabrikken hadde det første gassdiffusjons-anrikningsanlegget i Sovjetunionen og vart sett i drift i 1949. I 1950 vart visse tekniske vanskar løyst og fabrikken kunne framstille fleire titals kilo 90% anrika uran. Den opphavlege fabrikken, kalla D-1, vart utvida med fabrikken D-3 i 1951 og D-4 og D-5 i 1953. Tenestemenn frå Ministeriet for atomindustri (Minatom) uttalte ein gong at Sverdlovsk-44 var den einaste fabrikken dei nokon gong nytta til å framstille høganrika uran til våpenbruk.

Fabrikken er førande i utviklinga av russisk sentrifugeteknologi og har nytta sjuandegenerasjons gassentrifuger sidan 1996 og har òg utvikla åttandegenerasjons sentrifuger. Fabrikken produserer no òg låganrikt uran ved hjelp av sentrifugeteknologi. Han er ein av fire russiske anrikningsanlegg.

Ein annan større industribedrift var Urals bilmotorfabrikk, som vart grunnlagt i 1967. Bedrifta var eit dotterselskap av Likhatsjov Moskva bilmotorfabrikk. Ural bilmotorfabrikk gjekk konkurs i 2000 og vart seinare kjøpt opp av Ural bilar og motorar, ein russisk-kinesisk joint venture for bilproduksjon.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Novouralsk» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Novouralsk
  • Offisiell nettstad

Read next

In 45 languages

Text from Wikipedia, CC BY-SA 4.0 · Source article